Tilnærma uendra overnattingar
Publisert:
Det var samla sett tilnærma uendra overnattingar i oktober i år målt mot oktober i fjor. Også innanfor hotellovernattingar var det så å seie uendra hotellovernattingar både frå norske og utanlandske gjestar.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken visar at det var 2,04 millionar overnattingar registrerte i oktober i år i den kommersielle overnattingstrafikken, noko som er tilnærma uendra målt mot same månad året før. Hotella hadde om lag uendra tall på overnattingar, medan camping fall med 2,5 prosent og hyttegrender fall med 7 prosent.
Figur 1. Totale overnattingar, etter nasjonalitet
Oktober 2017 | Oktober 2018 | |
I alt | 2047572 | 2039360 |
Noreg | 1646382 | 1630062 |
Utlandet | 401190 | 409298 |
Framleis fleire amerikarar
Samla sett gjekk norske overnattingar ned med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 2 prosent. Her var overnattingar frå USA, Tyskland og Spania som bidrog mest til auka, medan færre overnattingar frå Storbritannia, Nederland og Asia bidrog til at auka ikkje blei større.
Auka i talet på overnattingar frå USA kan du lese meir om i artikkelen amerikarane kommer.
Kartet under syner dei totale overnattingane i oktober i dei ulike fylka i Norge
Figur 2. Overnattinger totalt etter fylke. Oktober 2018
ØSTFOLD | 40514 |
AKERSHUS | 202638 |
OSLO | 404552 |
HEDMARK | 70672 |
OPPLAND | 116296 |
BUSKERUD | 115230 |
VESTFOLD | 44607 |
TELEMARK | 44404 |
AUST-AGDER | 23914 |
VEST-AGDER | 55321 |
ROGALAND | 124387 |
HORDALAND | 217553 |
SOGN OG FJORDANE | 55844 |
MØRE OG ROMSDAL | 84593 |
TRØNDELAG | 192353 |
NORDLAND | 98614 |
TROMS | 101796 |
FINNMARK | 37189 |
SVALBARD | 8883 |
ØSTFOLD | 40514 |
AKERSHUS | 202638 |
OSLO | 404552 |
HEDMARK | 70672 |
OPPLAND | 116296 |
BUSKERUD | 115230 |
VESTFOLD | 44607 |
TELEMARK | 44404 |
AUST-AGDER | 23914 |
VEST-AGDER | 55321 |
ROGALAND | 124387 |
HORDALAND | 217553 |
SOGN OG FJORDANE | 55844 |
MØRE OG ROMSDAL | 84593 |
TRØNDELAG | 192353 |
NORDLAND | 98614 |
TROMS | 101796 |
FINNMARK | 37189 |
SVALBARD | 8883 |
Regionale skilnadar på utanlandske overnattingar
Den samla auka på 2 prosent i utanlandske overnattingar frå oktober i fjor, har ikkje fordelt seg jamt over heile landet. Det er særskilt Hedmark, Oppland og Troms som bidrar til auka, medan Rogaland, Oslo og Buskerud trakk ned.
Fortsatt auke på Svalbard
Hotellovernattingar på Svalbard auka med 11 prosent frå oktober 2018 målt mot same månad året før. Dette er ein del av ein lengre trend, der det er stadig fleire hotellovernattingar på Svalbard, også utanfor den tradisjonelle sesongen for turistar.
Her er det igjen utanlandske overnattingar som bidrar til auka, og særskilt dei frå Danmark og Tyskland trekk opp saman med at også fleire nordmenn overnatta på Svalbard i oktober i år målt mot same månad i fjor.
Figur 3 . Overnattingar på Svalbard i oktober
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
I alt | 5592 | 6033 | 6705 | 7522 | 8038 | 8883 |
Utlandet i alt | 830 | 1232 | 1906 | 2039 | 2176 | 2778 |
Norge | 4762 | 4801 | 4799 | 5483 | 5862 | 6095 |
Færre overnattingar på campingplassar
- 164 000 overnattingar i oktober 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 3,2 prosent
- Utanlandske overnattingar auka med 1,6 prosent
Færre overnattingar på hyttegrendene
- 101 000 overnattingar i oktober 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 17 prosent
- Utanlandske overnattingar auka med 17 prosent
Kontakt
-
Jarle Kvile
-
Arild Krogh
-
Kristin Aasestad
-
SSBs informasjonstjeneste