Tilnærma uendra tal for hotellovernattingar
Publisert:
I mars 2018 var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette var omtrent det same talet på hotellovernattingar som same månad i fjor.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
Mars 2017 | Mars 2018 | |
I alt | 1789475 | 1793734 |
Noreg | 1409257 | 1381286 |
Utlandet | 380218 | 412448 |
I løpet av mars var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Sett i høve til mars 2017 før, var det omtrent inga endring i talet på overnattingar. Talet på dei norske hotellovernattingane gjekk ned med 2 prosent, frå mars i fjor og enda på 1,38 millionar i mars 2018, syner overnattingsstatistikken. I det same tidsrommet gjekk derimot talet på utanlandske overnattingar opp 9 prosent til omtrent 410 000.
Overnattingar tilknytt kurs, konferanse og yrkessamanheng gjekk noko ned i denne perioden, mens ferie og fritidsovernattingar økte. Desse endringane kan ha samanheng med at påska var i mars i år, medan den fall i april i fjor.
Losjiomsetninga på hotella gjekk ned med 6 prosent, medan gjennomsnittsprisen per rom var 1 prosent høgare i mars i år samanlikna med same månad året før.
Figur 2. Andel av overnattingar etter bedriftstype
Prosent | |
Hotell o.l. | 79 |
Camping | 10 |
Hyttegrender | 10 |
Vandrerhjem | 1 |
Påsken ga auke i campingovernattingar
Det var ei auke i overnattingar ved campingplassar i mars 2018 sett i høve til same månad i fjor. Norske overnattingar auka med 79 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp med 20 prosent. Dei store endringane her heng blant anna saman med at påska fall på ulike månader i 2017 og 2018, og det var særleg ei auke i sesongkontraktar. Samanliknar vi med tala frå to år tilbake, der påska også fall i mars, ser vi en nedgang på 6 prosent i samla overnattingar på campingplassar.
Fleire overnattingar på hyttegrender
Nordmenns overnattingar ved hyttegrendene auka med 17 prosent frå mars 2017 til mars 2018, medan utanlandske overnattingar auka med om lag 4 prosent i same periode.
Kontakt
-
Arild Krogh
-
Jarle Kvile
-
Nils-Arne Rye Krøtø
-
Jacob Andreas Osnes
-
SSBs informasjonstjeneste