Vi valde oss april
Publisert:
Med nesten 2,1 millionar overnattingar i april i år sat dei kommersielle overnattingsstadane ein ny april-rekord i talet på overnattingar. Ei sein påske saman med varmerekordar fleire stadar i landet, kan ha medverka til dei høge tala.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken syner i april 2019 ein oppgang på 4,3 prosent fleire overnattingar målt mot same månad året før. Det var ei auke på 60 000 norske overnattingar, medan utanlandske overnattingar auka med 26 000. Totalbilete i den kommersielle overnattingstrafikken viste at det var totalt om lag 100 000 fleire norske overnattingar på campingplassar og hyttegrender, medan norske overnattingar sank kraftig på hotell.
Figur 1. Overnattingar totalt etter fylke. April 2019
ØSTFOLD | 39553 |
AKERSHUS | 137522 |
OSLO | 363664 |
HEDMARK | 98539 |
OPPLAND | 151943 |
BUSKERUD | 187718 |
VESTFOLD | 81789 |
TELEMARK | 55235 |
AUST-AGDER | 29450 |
VEST-AGDER | 62440 |
ROGALAND | 133502 |
HORDALAND | 209364 |
SOGN OG FJORDANE | 68834 |
MØRE OG ROMSDAL | 82154 |
TRØNDELAG | 174993 |
NORDLAND | 88635 |
TROMS | 74497 |
FINNMARK | 35210 |
SVALBARD | 19690 |
ØSTFOLD | 39553 |
AKERSHUS | 137522 |
OSLO | 363664 |
HEDMARK | 98539 |
OPPLAND | 151943 |
BUSKERUD | 187718 |
VESTFOLD | 81789 |
TELEMARK | 55235 |
AUST-AGDER | 29450 |
VEST-AGDER | 62440 |
ROGALAND | 133502 |
HORDALAND | 209364 |
SOGN OG FJORDANE | 68834 |
MØRE OG ROMSDAL | 82154 |
TRØNDELAG | 174993 |
NORDLAND | 88635 |
TROMS | 74497 |
FINNMARK | 35210 |
SVALBARD | 19690 |
Nedgang for hotella
I løpet av april var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 0,8 prosent mot april i fjor. Medan dei utanlandske overnattingane auka, var det ein nedgang på 3,3 prosent for dei norske. Her var det særskild Akershus og Oslo som bidrog til nedgangen i talet på hotellovernattingar.
Det var særskild overnattingar med yrkesreiser som formål som sank mot april i fjor. Det har si logiske forklaring med at påska var i mars i fjor. Det var ei tilsvarande auke blant ferieovernattingar, medan ein nedgang i kurs og konferansar førte til den moderate samla nedgangen.
Figur 2. Formål for overnattingar i april på hotell. 5 år
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
Kurs, konferanse | 221636 | 290942 | 216151 | 271401 | 235686 |
Yrke | 572741 | 645090 | 562422 | 683074 | 604927 |
Ferie, fritid | 628622 | 630132 | 702636 | 666307 | 767073 |
Påskesola varma campingplassane
Campingplassar opplevde ei auke på 36 prosent samanlikna med april 2018. Denne auka kom grunna fleire norske overnattingar. Det var 298 000 overnattingar i april, og med det har det ikkje vore fleire i aprilmånad sidan 2014. Det er særskild overnattingar på bubil som har auka over dei siste fem åra, med nesten 3 gangar fleire overnattingar i april 2019 enn i april 2015. Om det har vært påske i mars eller april har variert med åra, men uavhengig av det, har bubilovernattingane auka jamt.
Figur 3 . Andel av overnattingar etter overnattingsmåte april 2019
Hotell o.l. 77 % | Camping 14 % | Hyttegrender 8 % | Vandrerhjem 1 % | |
Prosent | 77 | 14 | 8 | 1 |
Fleire hytteovernattingar
- 169 000 overnattingar i april 2019
- 11 prosent auke mot april 2018
- Norske overnattingar gjekk opp 30 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 5,1 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 20 000 overnattingar i april 2019
- Auke på 11 prosent mot april 2018
- Norske overnattingar var tilnærma uendra
- Utanlandske overnattingar auka med 42 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
SSBs informasjonstjeneste