Vis meg tallene

Visualisering av overnattingar

Publisert:

Kor mange overnatta i Noreg? Kva for fylke gjesta dei og kvar kjem dei frå? Ny, interaktiv visualisering lar deg utforske tala.

Visualisering av overnattingar

Her er ei førehandvisning av visualiseringa. Den gir eit lite inntrykk av korleis du kan utforske desse tala. Klikk på lenka i fall du ønsker å sjå alle diagramma og fordjupe deg i desse.

I denne visualiseringa har vi laga tre ulike panel. I det første bruker vi tal for alle overnattingar i Noreg. Gjennom to diagram kan du sjå utviklinga over tid og årleg endring. I eit filter kan du velje eitt eller fleire fylke. Vi har brukt fylkesinndelinga for 2019, men fargar er brukte for å vise dei nye fylka.

Det er også eit stolpediagram som viser 25 utvalde land/regionar og rangering av desse (merk at norske gjester er unntatt). Klikkar du på eit av landa, blir dei andre diagramma oppdaterte fortløpande.

I det andre panelet er det kun tal for hotell og liknande overnattingsbedrifter. På same måte kan du klikke på fylke og/eller bustadland for å sjå akkurat den utviklinga du ønsker.

I det tredje panelet kan du velje land først og sjå kva slags innkvarteringstype dei ulike gjestene nytta.

Tilbakemeldingar?

Ta en titt på visualiseringa, gjer din egen lille analyse av dei fylka og landa du er opptatt av. Fortel oss gjerne kva du synest. Merk at du kan dele visualiseringa, bygge den inn på nettsidene dine eller laste ned som pdf eller PowerPoint.

Tala er henta frå statistikken Overnattingar og bruker fleire tabellar i Statistikkbanken:

Her finn du også tal for campingplassar og hyttegrender, samt fleire detaljar om omsetning og kapasitetsutnytting for hotella og kapasitet for camping og hytter.

Vi bruker et visualiseringsverktøy som heter Tableau. Vi anbefaler at det blir opna i full skjermbredde på litt større skjermar.

 

 

 

Forhåndsvisning

Kontakt