Innhold
Publisert:
Fleire tyske overnattingar
Det var 1,22 millionar overnattingar ved campingplassane i juni i år. Det er ein auke på 3 prosent frå juni i fjor. Innanlandstrafikken var om lag uendra, medan utanlandstrafikken auka med 9 prosent. Den største auken kom frå Tyskland.
Talet på overnattingar frå den største utanlandske marknaden i juni, Tyskland, auka med over 14 000 overnattingar, eller 8 prosent. Også dei andre store marknadene hadde auke i talet på overnattingar. Til dømes auka trafikken frå Sverige og Danmark med høvesvis 8 og 24 prosent, medan det frå Storbritannia var ein auke på 31 prosent. Frankrike var den einaste spesifiserte nasjonaliteten med nedgang i talet på overnattingar.
I første halvår
har det vore 2,45 millionar overnattingar ved campingplassane, ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Til dømes har det vore like mange overnattingar i juni som i månadene januar til mai i år til saman.
Talet på norske overnattingar auka med 5 prosent, medan utanlandske overnattingar samla auka med 7 prosent. Med unntak av Danmark har alle dei store marknadene auka.
Færre plassar
I juni 2002 var det 810 opne campingplassar, mot 857 i juni 2001. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 12 355 i juni i fjor til 12 025 i juni i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juni 2002
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2002
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2002
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2002
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2002
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.