Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Opptur for Hurtigruten
Talet på reisande med Hurtigruten 1. kvartal 2000 var 62 407 passasjerar, ein auke på 2 450 passasjerar eller 4,1 prosent i høve til 1. kvartal i fjor. Dette kjem av ein auke på 9,8 prosent for talet på reisande sørover.
1. kvartal i år reiste det 29 436 passasjerar sørover med Hurtigruten. Det svarar til ein auke på 2 635 passasjerar frå i fjor. Nordgåande rute frakta 32 971 passasjerar, ein liten nedgang frå i fjor. Reisande nordover utgjorde 52,8 prosent av talet på reisande med Hurtigruten.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42