Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre passasjerar på "verdas vakraste"
132 604 passasjerar reiste med Hurtigruten 2. kvartal i år, ein nedgang på 5 209 passasjerar eller 3,8 prosent. Heile 7,4 prosent færre tok "verdas vakraste sjøreise" sørover.
62 409 passasjerar reiste sørover på Hurtigruten 2. kvartal i år mot 67 431 passasjerar same periode i fjor. Nordover reiste 70 195 passasjerar i same periode, om lag uendra frå 2. kvartal i fjor. Reisande nordover utgjorde 52,9 prosent av alle reisande 2. kvartal i år, uendra frå same periode i fjor.
Passasjertala fordelt månadsvis for 2. kvartal inneheld store variasjonar. Reisande nordover i april auka med 22,1 prosent til 20 598 passasjerar. På sørgåande rute var det 15 765 passasjerar i april, ein auke på 7,2 prosent. På nordgåande rute var det derimot ein nedgang på 9,9 og 5,5 prosent for mai og juni til høvesvis 19 948 og 29 649 passasjerar. Tilsvarande tal for sørgåande rute var 17 313 og 29 331 passasjerar for mai og juni, ein nedgang på høvesvis 13,3 og 10,5 prosent.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42