Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre passasjerar med Hurtigruten
149 564 passasjerar reiste med Hurtigruten 3. kvartal i år. Det er 10 724 passasjerar eller 6,7 prosent færre samanlikna med 3. kvartal i fjor.
Nedgangen i talet på passasjerar er større for sørgåande rute enn for nordgåande rute. 75 390 passasjerar reiste på sørgåande rute, ein nedgang på 7 788 eller 9,4 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor. 74 174 passasjerar tok turen nordover, ein nedgang på 3,8 prosent i forhold til 3. kvartal i fjor.
Spesielt for juli på sørgåande rute, var det stor nedgang i passasjertalet. 35 699 passasjerar reiste med Hurtigruten sørover i juli i år, ein nedgang på 6 284 passasjerar eller 15,0 prosent frå juli i fjor. Nordover var det ein nedgang på 6,8 prosent frå juli i fjor til 33 031 passasjerar i juli i år. Også i august var det ein nedgang i talet på passasjerar både på sørgåande og nordgåande rute. I september derimot var det ein liten auke i talet på passasjerar frå i fjor på både nordgåande og sørgåande rute med høvesvis 5,3 prosent til 18 834 og 8,3 prosent til 17 363 passasjerar.
Ser ein på sommarmånadene juni, juli og august, reiste 172 347 passasjerar i alt med Hurtigruten i år, og noko som svarar til ein nedgang på 9,5 prosent frå same periode i fjor.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42