Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Opptur for Hurtigruta
Talet på reisande med Hurtigruta 1. kvartal 2001 var 70 745 passasjerar, ein auke på heile 8 338 passasjerar eller 13,4 prosent samanlikna med 1. kvartal i fjor. Størst auke var det i talet på passasjerar sørover med 14,9 prosent.
33 819 passasjerar reiste sørover med Hurtigruta 1. kvartal i år. Det svarar til ein auke på 4 383 passasjerar eller 14,9 prosent frå i fjor. Nordgåande rute frakta 36 926 passasjerar i same periode, ein auke på 12,0 prosent frå i fjor. Reisande nordover utgjorde 52,2 prosent av passasjerane med Hurtigruta.
I februar auka talet på passasjerar med 18,6 prosent til 22 470 samanlikna med februar i fjor. Det var spesielt talet på reisande sørover som auka med heile 34,8 prosent samanlikna med februar i fjor. I mars auka talet på passasjerar med 15,5 prosent til 33 403. Reisande nordover auka med 20,5 prosent, medan reisande sørover auka med 10,2 prosent.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42