Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire reiser med Hurtigruta
Talet på passasjerar på Hurtigruta auka med 13,4 prosent frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001. Det var stor auke både på nordgåande og sørgåande rute.
Om lag 87 000 passasjerar reiste med Hurtigruta 4. kvartal i fjor. Passasjertrafikken heldt seg relativt stabil i oktober, medan det både i november og desember var ein kraftig auke på høvesvis 22,0 og 18,9 prosent.
6 prosent auke i 2001
Året sett under eitt auka passasjertrafikken med om lag 25 000 reisande frå 2000 til 2001. Auken fordelte seg jamt på nordgåande og sørgåande rute. Passasjertrafikken auka i 1. kvartal med 13,4 prosent og i 2. kvartal med 5,6 prosent samanlikna med 2000. Talet på passasjerar i 3. kvartal heldt seg derimot uendra frå 3. kvartal i 2000.
Bergen og Kirkenes på topp
Talet på passasjerar etter påstigings- og avstigingshamn viser at Bergen og Kirkenes er dei to største hamnane, naturleg nok. 71 456 passasjerar gjekk på eit hurtigruteskip i Bergen, medan 59 197 passasjerar gjekk av. Tilsvarande tal for Kirkenes er høvesvis 49 527 og 57 266.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42