15012_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
15012
30 prosent fleire tok Hurtigruta
statistikk
2002-05-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Hurtigruten Bergen-Kirkenes1. kvartal 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

30 prosent fleire tok Hurtigruta

30 prosent fleire passasjerar reiste med Hurtigruta 1. kvartal i år enn i 1. kvartal i fjor.

Talet på passasjerar, etter månad. 1998-2002

91 974 passasjerar reiste med Hurtigruta 1. kvartal i år. Auken var like stor både på sørgåande og nordgåande hurtigrute, om lag 30 prosent. 52,2 prosent av passasjerane var reisande på nordgåande rute, det er uendra frå i fjor.

Størst auke i februar

Talet på passasjerar auka mest i februar med 37,6 prosent. Auken i januar var 34,5 prosent, medan den var på 22,9 prosent i mars. For januar og mars var trafikkauken størst på sørgåande rute, medan auken var størst på nordgåande hurtigrute i februar.

Tabeller: