Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Over ein halv million med Hurtigruta i 2002
I 2002 reiste 547 407 passasjerar med Hurtigruta, ein auke på 23 prosent eller 100 723 fleire passasjerar samanlikna med 2001. Ein må heilt tilbake til 1964 for å finne fleire passasjerar som reiste med Hurtigruta.
I 4. kvartal auka trafikken med 21,7 prosent samanlikna med same periode i fjor. Også i 3. kvartal var trafikkauken sterk med om lag 21 prosent. I 4. kvartal var auken størst på nordgåande rute med 10 082 passasjerar, medan det var 8 801 fleire passasjerar på sørgåande rute. Det var flest reisande i 3. kvartal i 2002. I juli 2002 var M/S Finnmarken erstatta med det nye skipet M/S Trollfjord.
15 prosent av alle reisande på nordgåande rute gjekk om bord i Bergen, medan 13 prosent av alle reisande på sørgåande rute gjekk i land i Bergen. Tilsvarande tal for Kirkenes er høvesvis 10 og 12 prosent. Andre relativt store hamner med over 40 000 passasjerar er Trondheim, Bodø, Svolvær og Tromsø.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42