Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre reiste med Hurtigruta
Det var 7 prosent færre passasjerar med Hurtigruta i 1. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i fjor. I 1. kvartal i år reiste 85 504 passasjerar med Hurtigruta.
Det var størst nedgang i talet på passasjerar i mars månad. 11 prosent eller 4 415 færre passasjerar reiste med Hurtigruta i mars samanlikna med mars i fjor. Størst nedgang var det på sørgåande rute.
53 prosent av alle passasjerar i 1. kvartal reiste på nordgåande rute.
Talet på passasjerar i januar i år var om lag uendra frå januar i fjor. På nordgåande rute var det derimot ein auke på 392 passasjerar. I februar var det 6 prosent færre passasjerar enn i same periode i fjor. Størst nedgang var det på nordgåande rute.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Godstransport på kysten.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42