15000_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
15000
"Vakraste sjøreisa i verda" fortsatt populær
statistikk
2003-11-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Hurtigruten Bergen-Kirkenes3. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

"Vakraste sjøreisa i verda" fortsatt populær

I 3. kvartal i år reiste 181 267 passasjerar med Hurtigruta. Dette er om lag uendra samanlikna med 3. kvartal i fjor. Hittil i år har 441 649 passasjerar reist denne populære ruta.

Talet på passasjerar per månad. 1999-2003

Månadene juli og august opplevde ein auke i talet på passasjerar på 2 094, eller 1,5 prosent, samanlikna med dei same månadene i 2003. September hadde ein nedgang på 2 471 passasjerar, eller 5,7 prosent, i same periode. Det var størst auke i talet på passasjerar på sørgåande rute i juli og august med 2,5 prosent. September hadde den største nedgangen i talet på passasjerar med 8,2 prosent.

I dei ni første månadene i år reiste 439 008 passasjerar med Hurtigruta. I same periode i fjor var talet 441 649 passasjerar. Dette svarar til ein nedgang på 2 641 passasjerar eller 0,6 prosent. Passasjerane fordelte seg jamt på nord- og sørgåande rute.

Tabeller: