Innhold
Publisert:
Auka trafikk frå Tyskland
I juni 2002 var det 55 000 overnattingar ved norske hyttegrender. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med juni 2001. Innanlandstrafikken gjekk ned med 11 prosent medan utanlandstrafikken auka med 22 prosent.
Tyskland, som i juni hadde nesten 60 prosent av utanlandstrafikken, auka med 11 prosent.
Hittil i år
har det vore 213 000 overnattingar ved norske hyttegrender, ein auke på 8 prosent. Innanlandsmarknaden auka med 2 prosent, medan utanlandsmarknaden auka med 14 prosent. Auken var størst blant gjester frå Danmark.
Auka romkapasitet
I juni 2002 var det 213 opne hyttegrender, mot 215 i juni i fjor. Rom-/hyttekapasiteten auka frå 1 582 hytter/rom i juni i fjor til 1 629 opne hytter/rom i juni i år.
Tabeller
- Tabell 1 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juni 2002
- Tabell 3 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2002
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.