171593_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
171593
Auka trafikk frå Tyskland
statistikk
2002-08-23T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
true

Hyttegrendjuni 2002

Innhold

Publisert:

Auka trafikk frå Tyskland

I juni 2002 var det 55 000 overnattingar ved norske hyttegrender. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med juni 2001. Innanlandstrafikken gjekk ned med 11 prosent medan utanlandstrafikken auka med 22 prosent.

Tyskland, som i juni hadde nesten 60 prosent av utanlandstrafikken, auka med 11 prosent.

Hittil i år

har det vore 213 000 overnattingar ved norske hyttegrender, ein auke på 8 prosent. Innanlandsmarknaden auka med 2 prosent, medan utanlandsmarknaden auka med 14 prosent. Auken var størst blant gjester frå Danmark.

Auka romkapasitet

I juni 2002 var det 213 opne hyttegrender, mot 215 i juni i fjor. Rom-/hyttekapasiteten auka frå 1 582 hytter/rom i juni i fjor til 1 629 opne hytter/rom i juni i år.

Tabeller