Innhald
Publisert:
Fleire overnattingar i februar
Det var 5 600 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i februar 2013. Dette utgjer ein auke på 17 prosent frå februar 2012.
Februar 2012 | Februar 2013 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|
Februar 2012 - Februar 2013 | |||
I alt | 4 765 | 5 589 | 17,3 |
Utlandet i alt | 807 | 1 065 | 32,0 |
Norge | 3 958 | 4 524 | 14,3 |
Overnattingsstadene på Svalbard hadde over 820 fleire overnattingar i februar i år enn i februar 2012. Norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 560 og 260, eller 14 og 32 prosent.
Talet på overnattingar i samband med kurs og konferanse var 1 906. Dette er ein auke på 993, eller litt over ei dobling, samanlikna med februar i fjor. Samstundes gjekk talet på ferie- og fritidsovernattingar opp med 448, eller 16 prosent, til 3 306, medan overnattingar i samband med yrkesreiser hadde ein nedgang på 617, eller 62 prosent, til 377.
I februar i år nytta gjestene 29,5 prosent av sengekapasiteten og 46,2 prosent av romma. Dette er høvesvis 5,2 og 9,9 prosentpoeng høgare enn i februar 2012. Losjiomsetninga auka med 28 prosent til 3,4 millionar kroner.
Losjiomsetning per tilgjengeleg rom Åpne og lesLukk
Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42