Fangsten var fordelt med 267 tonn laks og 72 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før utgjer det ein nedgang på 18 prosent for laks og 19 prosent for dei to andre fiskeslaga.
Det blei fiska i alt 338 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1996. Det er 75 tonn mindre enn i 1995.
37 prosent av laksen var under 3 kilo, 27 prosent mellom 3 og 7 kilo og 36 prosent over 7 kilo. Gjennomsnittsvekta var 3,2 kilo i 1996 mot 2,9 kilo i 1995. For sjøaure og sjørøye var gjennomsnittsvekta 0,9 kilo i 1996.
Tana det viktigaste vassdraget
Trass i ein nedgang på heile 43 prosent dei to siste åra, er Tana med bi-elvar
framleis det viktigaste vassdraget. Der vart det teke opp 50 tonn av dei tre
fiskeslaga. Deretter følgde Namsen, Numedalslågen, Gaula og Altaelva.
Førstehandsverdien av fisket i elvane er for 1996 utrekna til om lag 15 millionar kroner.