[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1997

Kvartalsvis nasjonalrekneskap, 1. kv. 1997:

Lågare varekonsum i hushalda


Etter ein periode med relativ sterk vekst i hushalda sine konsum, tyder dei første tala frå nasjonalrekneskapen for 1. kvartal i år på at veksten har stoppa opp. Nedgangen i konsumet frå 4. til 1. kvartal har særleg samanheng med lågare varekonsum. Dei sesongjusterte tala både for kjøp av mat- og drikkevarer, klede og sko samt fritidsutstyr gjekk ned.

Hushalda sine bilkjøp auka med over 40 prosent i gjennomsnitt frå 1995 til 1996, men med ei utflating gjennom året. Frå 4. til 1. kvartal auka bilkjøpa, korrigert for sesongsvingingar, mellom 2 og 3 prosent.

Veksten i hushalda og dei ideelle organisasjonane sine konsum frå 1. kvartal 1996 til 1. kvartal i år var på 1,4 prosent , rekna i faste prisar. Veksten frå 4. kvartal 1996 til 1. kvartal i år viste ein nedgang på nærmare 1 prosent, justert for normale sesongsvingingar.

Nedgang i eksporten
Frå 1. kvartal 1996 til 1. kvartal i år voks eksporten med 0,4 prosent rekna i faste prisar, medan dei sesongjusterte tala syner ein nedgang på vel 3 prosent frå 4. til 1. kvartal. Eksporten av olje og gass auka med nærmare 25 prosent i verdi frå 1. kvartal i fjor. Det var ein sterk vekst i olje- og gassprisane gjennom 1996, så sjølv om prisane 1. kvartal 1997 var lågare enn i 4. kvartal, var dei likevel om lag 19 prosent høgare enn i 1. kvartal 1996. Eksporten av olje og gass i volum auka dermed med vel 5 prosent frå 1. kvartal 1996 til 1. kvartal 1997. Sesongjustert var olje- og gasseksporten tilnærma uendra frå 4. kvartal til 1. kvartal. Dei sesongjusterte tala viser elles at eksporten av både tradisjonelle varer og tenester var lågare i 1. kvartal 1997 enn i 4. kvartal 1996.

Stagnasjon i importen
Overslaga for 1. kvartal viser ein vekst i importen, målt i faste prisar, på 5,1 prosent samanlikna med tilsvarande kvartal året før. Korrigert for sesongsvingingar gjekk importen svakt ned frå 4. kvartal 1996. Importprisane, særleg på tradisjonelle varer, steig svakt gjennom 1996. Prisane gjekk ned frå 4. til 1. kvartal, og i høve til prisane i 1. kvartal 1996 var dei samla importprisane 1,4 prosent lågare i 1.kvartal 1997.

Investeringsvekst
Bruttoinvesteringane i fast kapital auka med vel 12 prosent frå 1. kvartal 1996 til 1. kvartal 1997. Sesongjustert var veksten på vel 2,5 prosent. For Fastlands-Noreg var den sesongkorrigerte veksten uendra frå 4. til 1. kvartal. Investeringane i industrien og dei private tenesteytande næringane var lågare i 1. kvartal enn for 4. kvartal, medan bustadsinvesteringane og investeringane i offentleg forvaltning var høgare.

Svak utvikling i bruttonasjonalproduktet
Frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år voks bruttonasjonalproduktet med 0,5 prosent for Noreg samla, mens det gjekk ned med 0,5 prosent for Fastlands-Noreg. Dette har i hovudsak samanheng med at industri- og annan vareproduksjon var lågare i 1. kvartal enn tilsvarande kvartal året før. Korrigert for normale sesongsvingingar var industriproduksjonen vel 1 prosent lågare i 1. kvartal enn for 4. kvartal, medan den samla produksjonen i fastlandsnæringane var om lag uendra frå 4. kvartal.

Ny statistikk

Kvartalsvis nasjonalrekneskap,
1. kv. 1997.
Nasjonalrekneskapstal kjem ut i Ukens statistikk, Økonomiske analyser og Noregs offisielle statistikk (NOS) Nasjonalregnskapsstatistikk. Meir informasjon: Ann Lisbet Brathaug, tlf. 21 09 48 52, e-post: abr@ssb.no, Nils Amdal, tlf. 21 09 49 30, e-post: nal@ssb.no eller Pia Tønjum , tlf. 21 09 48 34, e-post: pet@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 23, 1997