[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 25, 1997

Produsentprisindeksen, per 15. mai 1997:

Høgare råoljepris


Produsentprisindeksen totalt auka med 0,5 prosent frå april til mai. Høgare prisar på råolje var ein viktig faktor bak utviklinga. Frå mai i fjor til mai i år (tolvmånadersveksten) auka indeksen med 1,6 prosent. Industrien sine produsentprisar gjekk opp 0,2 prosent frå april til mai.
Indeksen for oljeutvinning og bergverksdrift auka med 3,8 prosent frå april til mai, etter ein nedgang på 4,1 prosent i sist månad. Tolvmånaders-veksten for mai var på 11 prosent, etter ein auke på 0,1 prosent i april. Gjennomsnittleg pris for råolje (Brent Blend) var i mai på om lag 19 dollar per fat - ein auke på 8,3 prosent frå sist månad. Råoljeprisen for mai omrekna til norske kroner var om lag 135 kroner basert på gjennomsnittleg valutakurs for månaden.

Industrien sine produsentprisar auka samla sett med 0,2 prosent frå april til mai. Høgare prisar på raffinerte oljeprodukt, kjemiske produkt og verkstedprodukt trakk indeksen opp, medan noko lågare prisar på næringsmiddel og treforedlingsprodukt trakk i motsatt retning.

Om statistikken
Produsentprisindeksen måler prisutviklinga for produksjonen i oljeutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Det vert samla inn prisar ved sal til norsk marked og til eksport.

Alle prisane skal vere utan vareavgifter og meirverdiavgift, og dei skal gis per 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er nasjonalrekneskapstal for 1979. Undersøkinga omfatter om lag 1300 representantvarer frå om lag 500 bedrifter. Dei månadlege berekningane omfatter om lag 2000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt vel 90 kvar månad. Statistikken er under omlegging.

Ny statistikk

Produsentprisindeksen, per 15. mai 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Den er også tilgjengeleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Statistisk månadshefte. Meir informasjon: Torill Amundsen, tlf. 21 09 47 42, e-post: tva@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 25, 1997