Tilgangen på nye byggjeprosjekt auka med 12 prosent frå 2. kvartal 1996 til same kvartal i år. Ordretilgangen gjekk opp både for bustader og andre bygg. For bustadprosjekt er tilgangen av ordrar 12 prosent høgare i 2. kvartal i år enn same kvartal i fjor. Medan ordretilgangen innan nybygging av bustader auka med 17 prosent denne perioden, gjekk han kraftig ned for rehabilitering av bustader. For andre bygg enn bustader auka tilgangen av ordrar med 9 prosent siste året. Tilgangen av nye ordrar gjekk opp både innan nybygging og rehabilitering av andre bygg enn bustader.
Ordretilgangen i anleggssektoren er 21 prosent lågare i 2. kvartal i år enn i same kvartal i fjor. Reserven av ordrar i denne sektoren ved utgangen av kvartalet er 9 prosent lågare enn ved utgangen av 2. kvartal 1996.
Ordrereserven auka kraftig i byggjesektoren
Reserven av ordrar i byggjesektoren gjekk opp 26 prosent frå 2. kvartal i fjor
til 2. kvartal i år. Størst auke i ordrereserven er det innan nybygging av
bustader. For slike prosjekt var det ein auke i reserven på 35 prosent siste
året. Også for nybygging og rehabilitering av andre bygg enn bustader er det
kraftig auke samanlikna med 2.kvartal i fjor. Berre rehabilitering av
bustader har tilnærma uendra ordrereserve i denne perioden.
Figur 8: Ordretilgang. Byggje- og anleggsverksemd. Verdiindeks 1. kvartal 1992
Figur 9: Ordrereserve. Byggjeverksemd. Verdiindeks 1. kvartal 1992
Om statistikken
Ordrestatistikken for byggje- og anleggsverksemda byggjer på kvartalsvise
oppgåver frå dei største bedriftene i næringa. I alt gjev om lag 500 bedrifter
oppgåver til statistikken. Desse bedriftene dekkjer til saman om lag 45 prosent
av omsetningen i byggje- og anleggsnæringa. Verdiindeksar for tilgang og
reserve vert rekna ut kvar for seg. Det vert utarbeidd delindeksar for nye
bustadbygg, rehabilitering av bustadbygg, nye yrkesbygg og rehabilitering av
yrkesbygg. Rehabilitering omfattar utbetring, ombygging, reparasjon og
vedlikehald. Ordrereserve for bygg og anlegg er delt inn i åtte ulike regionar.