[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 45, 1997

Eigenbetaling i barnehagar (nivåtal), 2. halvår 1997:

Store skilnader i pris for kommunale barnehageplassar


Det er store skilnader i foreld-rebetalinga i kommunale barnehagar. For hushald med samla brutto årsinntekt på 375 000 kroner er det om lag 17 000 kroner i skilnad på årsbetalinga mellom dyraste og billigaste kommune. For hushald med høg inntekt koster det i mange høve like mykje å velje ein privat barnehageplass som ein kommunal.
Bustadkommune og inntekt er i stor grad avgjerande for kor mykje ein må ut med for å ha barn i kommunal barnehage. For hushald med brutto årsinntekt på 375 000 kroner er det ein skilnad på nesten 80 prosent i årsbetalinga mellom dyraste og billigaste kommune. Fauske tilbyr kommunal barnehageplass med ei årsbetaling på 21 340 kroner for denne inntektsgruppa, medan Fet kommune krev 38 335 kroner. Dette viser tal frå foreld-rebetalingsundersøkinga for 2. halvår 1997, kor 109 av kommunane i landet inngår. Årsbetalinga er berekna utifrå månadssats inkludert kostpengar og talet på innbetalingar i året.

Størst skilnad er det for hushald med brutto årsinntekt på 100 000 kroner. Fauske, Sola og Drammen tilbyr fri barnehageplass for denne inntektsgruppa. Også andre kommunar tilbyr friplass, men her må ein derimot betale kostpengar. Desse varierer frå i underkant av 700 kroner til om lag 1 900 kroner for året. Tromsø, følgt av Lillehammer og Steinkjer er dyrast for låginntektsgruppa med årleg betaling frå 33 000 til 33 385 kroner. Tala for låginntektsgruppa må tolkast varsamt. I mange høve vil låg inntekt og høge barnehageutgifter føre til at hushalda kjem inn under ulike offentlege stønadsordningar.

Betalingssystem avgjer
Noko av skilnaden i pris mellom kommunane har samanheng med kva for eit betalingssystem kommunane vel. Eit lite fleirtal har såkalla «flate» satsar, det vil seie ein fast barnehagesats fastsett utan omsyn til hushaldet si inntekt. Dei andre kommunane har system med inntektsgraderte satsar, der høginntektsgruppa betaler vesentleg meir enn dei med låg inntekt. Kommunar med graderte satsar er ofte blant dei billigaste for låginntektsgruppa, og tilsvarande blant dei dy-raste for hushald med høg inntekt.

Undersøkinga viser liten skilnad i årsbetalinga mellom private og kommunale barnehagar for høginntektsgruppa. Eit unntak her er Stavanger, der heildagsopphald i kommunale barnehagar er klårt billigare enn i private. For låginntektsgruppa er det lønsamt med kommunal barnehageplass i Oslo, Bergen og Stavanger. Desse bykommunane har inntektsgraderte betalingssystem. I dei private barnehagane nytter ein berre flate satsar, noko som ofte fører til relativt høge prisar for låginntektsgruppa. I Bodø og Trondheim er det berre små skilnader mellom dei private og dei kommunale barnehagesatsane, same kva inntektsnivå hushalda har.

Eit anna utviklingstrekk er at talet på kommunar som tar høgare betaling for barn under tre år har auka. Undersøkinga viser at det er 23 kommunar som krev høgare sats for dei minste barna. I tilsvarande undersøking i 1995 var det 14 kommunar som opererte med eigne satsar for barn under tre år.

Om statistikken
Undersøkinga er halvårleg og kartlegg betalingssatsar for heildagsopphald i barnehage for hushald med samla brutto årsinntekt på 100 000, 250 000 og 375 000 kroner. Utvalet dekkjer 109 kommunar, Oslo og seks kommunar frå kvart av dei andre 18 fylka i landet. I utvalskommunane er alle kommunale og private barnehagar med offentleg støtte omfatta. I tillegg ser undersøkinga på private barnehagar utan offentleg støtte i sentrale delar av landet.

[Figur 3]

Figur 3: Gjennomsnittleg årsbetaling for eitt barn, etter region, barnehagetype og hushaldet si samla brutto årsinntekt. 2. halvår 1997. Kroner


Ny statistikk

Eigenbetaling i barnehagar (nivåtal), 2. halvår 1997.
Statistikken vert publisert i Ukens statistikk i mai og november kvart år. Undersøkinga vert gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Meir informasjon: Frode Bendiksen, tlf. 21 09 44 27, e-post: fbe@ssb.no og Randi Johannessen, tlf. 21 09 47 30, e-post: raj@ssb.no.

Tabell

Ukens statistikk nr. 45, 1997