Ukens statistikk nr. 51-52, 1997
Teater-besøket
Talet
på besøkjande ved teatera i Noreg gjekk litt opp i 1996 i høve til året før.
Totalt vart det selt nesten 1 314 000 teaterbillettar i fjor, ein auke på 27
000 samanlikna med 1995. Den Norske Opera hadde auke i besøkstalet i fjor, og
kvar framsyning i operaen vart sett og høyrt av nesten 800 personar. Størst
prosentvis auke i talet på besøkjande hadde Hålogaland Teater.
Ny statistikk
Kulturstatistikk, 1996.
Statistikken er del av ein komande Noregs
offisielle statistikk (NOS) Kulturstatistikk, og inngår i ein førebels rapport
til Kulturdepartementet. Tabellar og meir informasjon: Knut Aarbakke, tlf. 62
88 54 49, e-post: knu@ssb.no, eller Vera Thrane, tlf. 62 88 52 57, e-post
vet@ssb.no.
Ukens statistikk nr. 51-52, 1997