Når vi tek omsyn til normale sesongvariasjonar har industriproduksjonen gått ned med 0,9 prosent i januar 1998. Industri knytta til bygging og innreiing av oljeplattformer har hatt ein nedgang på 7 prosent i januar, etter ein sterk auke i desember 1997. Dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk, ligg produksjonen i industrien 4,2 prosent over tilsvarande månad i fjor. Vektene i produk-sjonsindeksen vil bli reviderte seinare i år. I dette høvet kan det bli aktuelt å rekne på tal frå 1998 på nytt.
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 0,4 prosent frå desember 1997 til januar 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dette heng mellom anna saman med ein mindre nedgang i olje- og gassutvinninga og ein liten reduksjon i kraftproduksjonen. Totalindeksen låg 3,2 prosent over tilsvarande månad i 1997.
Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 1,6 prosent frå desember 1997 til
januar 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar.
Kraftproduksjonen vart redusert med 1,4 prosent.
Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå
om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad.
Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for
produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller
råvareinnsats. Statistikken omfattar olje- og gassutvinning, industri,
bergverksdrift og kraftforsyning.