[an error occurred while processing this directive]
Det er fotball som kjem best ut i høve til innbyggjartalet: Det er 1 041 innbyggjarar per fotballanlegg i landsgjennomsnitt, medan det er 4 234 innbyggjarar per symjehall og 8 444 innbyggjarar per idrettshall. I statistikken over gjennomsnittleg tal anlegg per kommune går det fram at fotballanlegg er dominerande med ti anlegg per kommune. Også gymnastikksalar, orienteringskart og balløkke kjem høgt opp, alle med sju anlegg per kommune.
Av i alt 36 840 idrettsanlegg er 4 177 fotballanlegg. Fotballanlegg utgjer dermed 11 prosent av alle idrettsanlegga i Noreg. Dette viser statistikken over registrerte anlegg per 1. juli 1997.
107 symjehallar i Nordland
Det er per 1. juli 1997 bygd 1 024 symjehallar/basseng av ulik storleik. Desse
fordeler seg noko ulikt frå fylke til fylke, frå 23 i Aust-Agder til 107 i
Nordland. 885 av desse står med det offentlege som eigar, berre fire med
idretten som eigar og 135 med privat/annan eigar.
Statistikken over tal anlegg per anleggskode fordelt etter byggjeår gjev eit godt historisk bilete av utviklinga på anleggsektoren. Det var ei voldsom utbygging av symjebasseng på 1960- og 1970-talet. 747 av 1 028 symjebasseng vart bygd i perioden frå 1960-1979. Orienteringskart hadde ein kraftig topp i perioden 1980-1989. Av dei 47 klatreveggene er 79 prosent bygde etter 1989.
Det offentlege har størst eigardel
Det er det offentlege som er den klart dominerande eigarkategorien av
idrettsanlegga med 45 prosent eigardel. Idrettslaga, inklusive Det Frivillege
Skyttarvesen, står registrert med 38 prosent og private eigarar/andre med 17
prosent. Den fylkesvise fordelinga viser at den offentlege eigardelen er klart
størst i Oslo med 69 prosent.
Ukens statistikk nr. 18, 1998 [an error occurred while processing this directive]