[an error occurred while processing this directive]
Produksjonen av storfekjøt auka med 2 000 tonn, eller med 8,6 prosent, frå 1. kvartal 1997 til 1. kvartal i år. Kvige- og oksekjøt utgjorde det meste av auken, medan slakting av ku og kalv viste mindre endringar. I alt vart det kontrollert 25 500 tonn storfekjøt i 1. kvartal 1998. Dette utgjorde knapt 42 prosent av alt kontrollert kjøt.
Den offentlege kjøtkontrollen kontrollerte i alt 61 300 tonn kjøt i 1. kvartal i år. Dette er ein auke på 2 100 tonn, eller 3,5 prosent, i høve til same periode i 1997. Storfekjøt stod for nesten heile auken. Blant dei andre kjøtslaga var det berre mindre endringar.
Produksjonen av svinekjøt var så vidt større enn storfekjøtproduksjonen og utgjorde 26 000 tonn i 1. kvartal i år. Svinekjøtproduksjonen auka med 1,1 prosent frå same periode i 1997. Av fjørfekjøt og sauekjøt blei det produsert respektive 7 900 og 1 400 tonn i 1. kvartal år. Det er ein liten nedgang for begge desse kjøtslaga i høve til i fjor.
Figur 9: Slakt av ulike dyreslag. 1. kvartal 1996, 1997 og 1998
Ukens statistikk nr. 22, 1998 [an error occurred while processing this directive]