[an error occurred while processing this directive]
Dei registrerte trussamfunna hadde 233 300 medlemmer, dei uregistrerte 27 100 medlemmer, medan livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund hadde 69 900 medlemmer. For hovuddelen av trussamfunna utanfor statskyrkja var det stabilitet i talet på medlemmer. Den jamne auken for den romersk-katolske kyrkja dei sei-naste åra heldt fram. Talet på medlemmer auka med dryge 1 300, eller 4 prosent, samanlikna med 1997.
Det var til saman 330 300 medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja per 1. januar i år. Dette er ein auke på 12 000, eller knapt 4 prosent sidan i fjor.
Pinsemenigheitene var det største trussamfunnet utanfor Den norske kyrkja med 43 800 medlemmer. I til-legg var det 1 200 medlemmer i uregistrerte pinsemenigheiter. Islam var nest størst med 40 800 medlemmer. Det var òg 5 900 medlemmer i uregistrerte muslimske trussamfunn. Dette inneber at islam var det største einskilde samfunnet blant dei ure-gistrerte trussamfunna.
Tala syner ein nedgang på knapt 6 000 medlemmer frå 1997 til 1998 for dei muslimske trussamfunna. Denne nedgangen er ikkje fullt ut reell, sidan fleire muslimske trussamfunn som var med i statistikken i 1997 ikkje har søkt om statstilskot for 1998, og er dermed ikkje med i statistikken i år.
Geografiske skilnader
Det er store geografiske skilnader med omsyn til om folk er medlemmer av trus-
og livssynssamfunn utanfor statskyrkja. I Oslo/Akershus var 13 prosent
medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja, medan motsvarande tal
for Sogn og Fjordane berre var drygt 1 prosent.
Livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund hadde i alt 69 900 medlemmer per 1. januar 1998, ein auke på 2600, eller 4 prosent, frå 1997. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka, men det var flest medlemmer i Oslo/Akershus, til saman 26000 fordelte på 17 lokallag.
Den norske kyrkja
Tal for Den norske kyrkja synte at det i 1997 vart døypt 50 100 barn i kyrkja,
39 100 konfirmerte seg, og 14 000 personar vart vigde. Delen døypte i kyrkja
gjekk ned frå 97 prosent i 1960 til 82 prosent i 1990, men har sidan vore
stabil på rundt 83 prosent. Delen som konfirmerer seg i statskyrkja har
òg gått ned, frå 93 prosent i 1960 til 74 prosent i 1997. Talet på
personar som vel kyrkjeleg vigsel har vore relativt stabilt på rundt 60 prosent
sidan 1980.
Tal for kyrkjelege inndelingar per 1.mai 1998 syner at det var elleve
bispedømer i Noreg, som vidare var delte opp i 99 prosti, 624 prestegjeld og 1
312 sokn. Etter endringa i kyrkjelova har nemninga kapelldistrikt falle bort.
Tidlegare kapelldistrikt er skilde ut som eigne sokn, eller innlemma i det
soknet dei høyrde inn under.
Tabeller
Figur 1: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Talet på medlemmer. 1990 og 1998
Om statistikken
Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja byggjer på
oppgåver frå fylkesmenn over dei samfunna som har fått statstilskot. Som
registrerte trussamfunn blir rekna trussamfunn som let seg registrere ifølgje
lov av 12. juni 1969. Etter lovtilføyinga av 12. juni 1981 kan òg
uregistrerte trussamfunn søkje om statstilskot frå stat og kommune. Registrerte
og uregistrerte trussamfunn som ikkje søkjer om statstilskot er ikkje med i
statistikken.
Tal for kyrkjelege inndelingar er utarbeidd av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Tal for kyrkjelege handlingar er utarbeidd av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste på grunnlag av oppgåveskjema frå kvart einskilt sokn. Meir informasjon er gjeve i Årbok for Den norske kirke 1998.
Ny statistikk
Kulturstatistikk. Den norske kyrkja 1997, og trus- og livssynssamfunn
utanfor Den norske kyrkja, per 1.januar 1998.
Statistikken kjem ut
årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf.
62 88 52 57, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.
Ukens statistikk nr. 32, 1998 [an error occurred while processing this directive]