[an error occurred while processing this directive]
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 0,9 prosent frå juni til juli. Produksjonen var da om lag 4,5 prosent lågare enn i same månad i fjor. Det har elles vore ein auke på 3 prosent i kraftproduksjonen frå juni til juli. Produksjonen låg i juli 0,6 prosent lågare enn for eit år sidan.
Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 1,6 prosent den siste månaden, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk er totalindeksen 2,2 prosent lågare enn i juli 1997.
Vekst i sesongjusterte tal
Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst på 3,2 prosent frå
juni til juli. Innanfor industrien aleine var det ein vekst på 2,7 prosent, når
ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Sesongjusterte tal må elles
tolkast forsiktig på grunn av endringar i feriemønsteret i dei seinare åra i
fleire av næringane. Dersom ein ser på vekekorrigert statistikk er produksjonen
i industrien berre 0,4 prosent større enn tilsvarande månad i fjor.
Oljeraffinerings-, mineralprodukt-, møbel- og metallvareindustrien har hatt ein
auke den siste månaden. Andre næringar som forlag og grafisk industri har hatt
ein liten reduksjon i produksjonen. Trenden i industriproduksjonen peikar mot
ein vekst på litt over 1 prosent for året.
Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå
om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad.
Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og
indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida
timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning,
industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, juli 1998.
Statistikken kjem ut kvar
månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: oyvind.naustdal@ssb.no,
tlf. 21 09 47 35, eller kjell.berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.
Ukens statistikk nr. 37, 1998 [an error occurred while processing this directive]