[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 6, 1999

Elvefiske etter laks og sjøaure, 1998:

Kraftig auke i laksefisket


Det blei fiska i alt 405 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1998. Det er 102 tonn meir enn i 1997.
Fangsten var fordelt på 331 tonn laks og 74 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før er det ein auke på 41 prosent for laks og 10 prosent for dei to andre fiskeslaga. Fangsten i 1998 er likevel mindre enn tidleg på 1990-talet.

51 prosent av laksen var under 3 kilo, 30 prosent mellom 3 og 7 kilo og 19 prosent over 7 kilo. Gjennomsnittsvekta var 2,5 kilo i 1998 mot 2,8 kilo i 1997.

Tana med bielvar er framleis det viktigaste vassdraget. I 1998 var fangsten 59 tonn, 5 tonn meir enn i 1997. Deretter følgjer Gaula, Namsen, Numedalslågen og Håelva, som alle hadde auke i fangsten. Størst auke hadde Håelva, Tengselva og Bjerkreimselva i Rogaland, samt Orkla og Gaula i Sør-Trøndelag.

Førstehandsverdien av fisket i elvane er for 1998 utrekna til om lag 18 millionar kroner.

Ny statistikk
Elvefiske etter laks og sjøaure, 1998.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Norges offisielle statistikk (NOS) Lakse- og sjøaurefiske og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Anne.Turi.Baklien@ssb.no, tlf. 62 88 52 30 eller Ase.Mobraten@ssb.no, tlf. 62 88 52 31.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 6, 1999 [an error occurred while processing this directive]