[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 7, 1999

Arbeidsløyse blant innvandrarar, 4. kvartal 1998:

Færre arbeidslause innvandrarar


Registrert arbeidsløyse blant førstegenerasjonsinnvandrarar var 6,2 prosent ved utgangen av november i fjor, mot 8,0 prosent året før. Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned frå 2,5 til 2,1 prosent i same periode. Arbeidsløysa for ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av personar i yrkesaktiv alder gjekk mest ned i Vest-Agder med 3,5 prosentpoeng.
Ved utgangen av november i fjor var det registrert 7 342 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar, 1 382 færre personar enn same kvartal i 1997. Dette er ein nedgang på 1,8 prosentpoeng i talet på arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned med 0,4 prosentpoeng.

Austeuropeiske innvandrarar hadde størst nedgang i arbeidsløysa, med 3,5 prosentpoeng, medan innvandrarar frå tredje verda hadde ein nedgang på om lag 2,8 prosentpoeng.

Medan talet på arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av arbeidsstyrken var 9,2 prosent i november 1998, har dei vestlege innvandrarane ei arbeidsløyse på berre 2,4 prosent.

Færre på arbeidsmarknadstiltak
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med heile 2 343 personar frå november 1997 til 1998. Likevel utgjer innvandrarane 30,0 prosent av alle på ordinære arbeidsmarknadstiltak.

Størst nedgang for mannlege innvandrarar
Arbeidsløysa for mannlege innvandrarar gjekk ned med 2,2 prosent-poeng frå november 1997 til 1998, mens ho for menn generelt gjekk ned med 0,5 prosentpoeng. Størst nedgang i arbeidsløysa var det for mannlege innvandrarar frå Aust-Europa og Sør- og Mellom-Amerika, med 3,4 prosentpoeng. Dei mannlege innvandrarane frå Asia og Afrika hadde og ein nedgang på over 3 prosentpoeng.

Registrert arbeidsløyse for kvinnelege innvandrarar i same periode gjekk ned med 1,3 prosentpoeng.Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for kvinner generelt ned med 0,3 prosentpoeng. Nedgangen for kvinner var størst for innvandrarar frå Aust-Europa, med 3,4 prosentpoeng.

Størst nedgang i Kristiansand
Statistisk sentralbyrå reknar og ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarane i yrkesaktiv alder (16-74 år) i gruppa, og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av alle yrkesaktive ikkje-vestlege innvandrarar gjekk mest ned for dei busett i Vest-Agder. Nedgangen var på 3,5 prosentpoeng, men arbeidsløysa var i utgangspunktet høg. I nabofylket Aust-Agder var det ein auke i denne arbeidsløyseprosenten på 0,9 prosentpoeng. For ikkje-vestlege innvandrarar busett i Kristiansand gjekk arbeidsløysa ned med heile 4,3 prosentpoeng. I tillegg var nedgangen i tiltaksprosenten størst for dei busett i Kristiansand. Dei ikkje-vestlege innvandrarane busett i Stavanger hadde og stor nedgang i både arbeidsløyse- og tiltaks-prosentane.

Om statistikken
Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar som søkjer arbeid ved arbeidskontora.

[Figur 3]

Figur 3: Registrerte heilt arbeidslause 16-74 år i prosent av arbeidsstyrken, etter landbakgrunn. Utgangen av november 1997 og 1998


Ny statistikk
Arbeidsløyse blant innvandrarar, 4. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon: Jorn.Ivar.Hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller Kari.Kraakenes@ssb.no, tlf. 21 09 47 86.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 7, 1999 [an error occurred while processing this directive]