[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 18, 1999

Utdanningsstatistikk. Grunnskolar, 1. september 1998. Endelege tal:

Fordobling av framandspråklege elevar


Dei ti siste åra er talet på grunnskolar med framandspråklege elevar blitt fordobla. Delen framandspråklege elevar er og blitt fordobla i denne perioden.

Hausten 1998 hadde 2 444 av i alt 3 277 grunnskolar framandspråklege elevar. I 1988 var det berre 1 305 grunnskolar som hadde fra-mandspråklege elevar. Då var talet på grunnskolar 3 475.

Det var 35 945 framandspråklege elevar i grunnskolen hausten 1998. Desse utgjorde 6 prosent av grunnskoleelevane. Ti år tidlegare var det berre 14 273 framandspråklege elevar, noko som utgjorde 3 prosent av elevmassen. Totalt var det 9 prosent fleire framandspråklege grunnskoleelevar hausten 1998 samanlikna med 1997.

På klassesteg 1 var det om lag 4 100 framandspråklege elevar i 1998 og på klassesteg 10 i underkant av 3 000.

Oslo hadde høgast del framandspråklege elevar med 28 prosent av det totale elevtalet. Deretter følgde Vest-Agder med 8 prosent og Buskerud og Akershus med 7 prosent. Færrast framandspråklege elevar hadde Nord-Trøndelag med berre 1,4 prosent av samla elevtal. Nordland og Troms hadde og få framandspråklege elevar. I desse fylka var høvesvis 1,8 og 1,9 prosent av elevane framandspråklege. Om lag halvparten av alle framandspråklege elevar i Noreg budde i Oslo eller Akershus.

Det er framleis flest elevar med urdu som morsmål. I alt 4 724 eller 13 prosent av dei framandspråklege elevane hadde dette morsmålet. Om lag 8 prosent hadde engelsk som morsmål og 7,6 prosent vietnamesisk. Bosnisk/kroatisk og albansk var det sjette og sjuande største framandspråket i grunnskolen.

Om statistikken

Grunnskolestatistikken byggjer på tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Tala omfattar barn og unge som får opplæring etter grunnskolelova.

[Figur 6]

Figur 6: Framandspråklege elevar, etter morsmål. 1998


Ny statistikk
Utdanningsstatistikk. Grunnskolar, 1. september 1998. Endelege tal.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk og i serien Aktuell utdanningsstatistikk. Meir informasjon: Undis.Dahl@ssb.no, tlf. 62 88 52 78, eller Bjørn-Erik.Myrvold@ssb.no, tlf. 62 88 55 79.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 18, 1999 [an error occurred while processing this directive]