[an error occurred while processing this directive]
Fag- og forskingsbiblioteka hadde til saman ein bokbestand på 18,5 millionar bind ved utgangen av 1998, fordelte på 397 registrerte bibliotekeiningar.
Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde nær
halvparten av den totale bokbestanden. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde
20 prosent og nasjonalbiblioteka og biblioteka ved dei statlege høgskolane
hadde om lag 15 prosent kvar. Dei private spesialbiblioteka hadde 4 prosent av
den totale bokbestanden.
Om lag 3,8 millionar utlån vart utførte ved fag- og forskingsbiblioteka i 1998.
Av dette var drygt 500 000 fjernlån. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema
under ulike administrative einingar.
Utgiftene for 1998 synte at biblioteka i alt brukte drygt 197 millionar kroner
til innkjøp (akkvisisjon) av materiale til samlingane. Biblioteka ved
universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for nær halvparten av dette.
Det vart i alt kjøpt inn i overkant av 540 000 nye bøker og tidsskrifter i
1998.
Det var i 1998 registrert vel 1 950 tilsette ved fag- og forskingsbiblioteka.
Halvparten av desse var i bibliotekfaglege stillingar. Det totale talet på
utførte årsverk var på drygt 1 650.
Om statistikken
Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, og vert samla inn i samarbeid med Riksbibliotektenesta.
Figur 4: Fag- og forskingsbibliotek. Talet på bøker og tidsskrifter. 1998. Prosent
Ny statistikk
Kulturstatistikk. Fag- og forskings-bibliotek, 1998.
Statistikken kjem ut
kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon: Vera.Thrane@ssb.no, tlf. 62 88
52 57, eller Thorstein.Ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.
Ukens statistikk nr. 21, 1999 [an error occurred while processing this directive]