Ein auke i talet på private grunnskolar
Publisert:
I 2019 var det 261 private grunnskolar i Noreg. Dette svarer til ein auke på 62 prosent sidan 2009. Talet på offentlege grunnskolar er redusert med 13 prosent i same tidsperiode.
- Tala er henta frå
- Elevar i grunnskolen
- Artikkelen er del av serien
- Elevar i grunnskolen (arkiv)
I 2019 var det rekordmange private skolar, viser statistikken Elevar i grunnskolen. Figur 1 viser at det har vore ein jamn auke i talet på private grunnskolar sidan 2009, kor det var 161 private skolar. Som nemnd innleiingsvis var det til samanlikning 261 private grunnskolar i 2019. Ifølgje ein artikkel skriven av Utdanningsdirektoratet er det, sidan 2009, i gjennomsnitt lagt ned 55 skolar i året, mens over halvparten av nye skolar er private. Det er likevel berre i 12 prosent av tilfella at private skolar erstattar nedlagde offentlege skolar. Samstundes er det ein liten auke i private skolar med eit anna opplæringstilbod, til dømes idrettsskolar.
Figur 3. Talet på elevar i private grunnskolar
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
Elevar i private grunnskolar | 15928 | 16310 | 16684 | 18190 | 19105 | 20436 | 21648 | 22721 | 23817 | 25370 | 27027 |
I Trøndelag finst det 27 private grunnskolar. Det er det fylket som har flest, tett etterfølgt av Rogaland og Hordaland med høvesvis 26 og 25 private grunnskolar. Sett bort frå Svalbard som ikkje har nokon private skolar, finn vi færrast private grunnskolar i Finnmark og Sogn og Fjordane med høvesvis 3 og 4 private grunnskolar.
Figur 2. Talet på private grunnskolar, etter fylke. 2019
Private grunnskolar | |
Svaldbard | 0 |
Finnmark - Finnmárku | 3 |
Sogn og Fjordane | 4 |
Aust-Agder | 6 |
Oppland | 9 |
Buskerud | 9 |
Østfold | 11 |
Vest-Agder | 11 |
Hedmark | 13 |
Vestfold | 14 |
Telemark | 15 |
Oslo | 16 |
Troms - Romsa | 17 |
Akershus | 18 |
Nordlang | 18 |
Møre og Romsdal | 19 |
Hordaland | 25 |
Rogaland | 26 |
Trøndelag | 27 |
Auke i talet på elevar i private grunnskolar
Vi finn ein tilsvarande utvikling når vi ser på talet på grunnskoleelevar som gjekk i private skolar. Av alle elevar i grunnskolen gjekk 4,2 prosent i private skolar i 2019 samanlikna med 2,6 prosent i 2009. Figur 3 viser at om lag 27 000 elevar gjekk i private grunnskolar i 2019. For ti år sidan var det same talet 11 000 grunnskoleelevar lågare.
Figur 3. Talet på elevar i private grunnskolar
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
Elevar i private grunnskolar | 15928 | 16310 | 16684 | 18190 | 19105 | 20436 | 21648 | 22721 | 23817 | 25370 | 27027 |
Faktaside
Kontakt
-
Emmie Stolpe Foss
-
Biljana Perlic
-
SSBs informasjonstjeneste