Frukt og grønnsaker i grunnskolen
Foreldre vil ha frukt i skulen
Publisert:
Fire av fem foreldre er positive til abonnementsordning for frukt og grønsaker i grunnskulen, og like mange er positive til at barnet deira skal delta i ordninga.
Ei undersøking om haldningar til frukt- og grøntabonnement i grunnskulen viser at foreldra er positive til ei slik ordning. Statistisk sentralbyrå har utført undersøkinga på oppdrag frå Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet. Det er eit utval av foreldre med barn i grunnskulealder som har delteke i undersøkinga.
Abonnementsordninga for frukt og grønsaker er basert på dei same prinsippa som skulemjølk-ordninga, og elevane som deltek får dagleg utlevert ei frukt eller ein grønsak på skulen.
Ein av fem har tilbod om abonnement
18 prosent av foreldra oppgjev at deira barn (det yngste barnet i grunnskulealder) har eit slikt abonnementstilbod på skulen. Av dei som ikkje har eit slikt tilbod på skulen ønskjer fire av fem at skulen skal ha det. Totalt svarer 83 prosent at skulen har eit slikt tilbod, eller at dei gjerne vil at skulen skal ha det. 14 prosent ønskjer ikkje at skulen skal delta i ordninga.
Ein av ti oppgjev at barnet deltek i ordninga, medan 17 prosent ikkje ønskjer at barnet skal delta. Totalt svarer 79 prosent at barnet deltek i ordninga, eller at dei gjerne vil at barnet skal delta.
Abonnementsordning for frukt og grønsaker i skulen. 2000/2001 |
Prosent | Tal | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | 100 | 1 514 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Skulen har eit slikt tilbod | 18 | 269 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ønskjer at skulen skal ha eit slikt tilbod | 65 | 987 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ønskjer ikkje at skulen skal ha eit slikt tilbod | 14 | 206 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Veit ikkje | 3 | 52 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Deltaking i abonnementsordning for frukt og grønsaker i skulen. 2000/2001 |
Prosent | Tal | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | 100 | 1 514 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Barnet deltek i ordninga | 10 | 145 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ønskjer at barnet skal delta i ordninga | 69 | 1 040 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ønskjer ikkje at barnet skal delta i ordninga | 17 | 263 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Veit ikkje | 4 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dette er berre nokre av resultata. Resten av resultata vil bli frigjevne i løpet av hausten. Les meir om undersøkinga i Undersøkelse om holdninger til frukt- og grøntabonnement blant foreldre med barn i grunnskolen (pdf)
.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste