Valgaktuelt 2005
Grunnskolen i endring
Publisert:
Grunnskolen er i endring mellom anna som følje av ny opplærings- og friskolelov. Klasseomgrepet er erstatta med grupper og det er større tilgang til oppretting av friskolar. I 2001 var det 98 friskolar i Noreg, hausten 2004 hadde dette auka til 135. Ved overgangen til grupper i staden for klasser er det fokus på talet elevar per lærar. Det var 11,6 elevar per lærarårsverk i 2001, etter ei auke til 12,5 i 2003 var det 12,2 elevar per lærarårsverk skoleåret 2004/05.
I 2001 var det 98 friskolar med til saman 10 700 elevar i Noreg. Hausten 2004 hadde talet auka til 12 800 elevar fordelt på 135 friskolar. Privatskolelova av 14. juni 1985 som omhandla tilskott til friskolar, vart 01.10.03 erstatta av lov om frittståande skolar av 4. juni 2003 (friskolelova). Ei av hovudendringane i friskolelova i forhold til privatskolelova er at kravet om særskilt formål for friskolane er fjerna.
2004-tala syner at 2,1 prosent av elevane i Noreg går på friskolar, og at friskolane utgjer 4,2 prosent av alle skolane. I 2001 gjekk 1,8 prosent av elevane i slike skolar og 3 prosent av skolane var friskolar. Størst relativ auke finn ein i Nord-Trøndelag og Hordaland kor over 1 prosentpoeng fleire av elevane gjekk på friskolar i 2004 enn i 2001. Østfold og Oslo hadde ein marginal nedgang i talet friskoleelevar i høve til alle elevar i perioden. Oslo har likevel størst andel av elevane i friskolar med 4,4 prosent.
Dei frittståande grunnskolane har ein storleik på 95 elevar per skole i gjennomsnitt, det same talet for offentlige grunnskolar er 198. Det var totalt 3 189 grunnskolar i drift i Noreg skoleåret 2004/05
Ressurssituasjonen i grunnskolen
Lærarane er den viktigaste innsatsfaktoren i skolen. Det er hovudsakleg to mål som blir nytta for å måle denne ressursinnsatsen; gjennomsnittleg gruppestorleik og elevar per undervisningsrelaterte årsverk. I 2004 var det 12,2 elevar per lærarårsverk i offentlege grunnskolar, medan det i 2001 var 11,6. Tidlegare blei gjennomsnittleg klassestorleik registrert, men «klassar» vert erstatta med «grupper» da klasseomgrepet vart oppheva med den nye opplæringslova. Gjennomsnittleg gruppestorleik er ikkje direkte samanliknbart med gjennomsnittleg klassestorleik. Det var ein gjennomsnittleg gruppestorleik på 13,8 skoleåret 2004/05, dette er ei svak auke i gruppestorleiken i høve til skoleåret 2003/04.
Lærarar og talet elevar Gjennomsnittleg gruppestorleik er talet elevtimar delt på talet lærartimar. Elevtimar er summen av elevar per årstrinn ganga med det tilhørande minstetimetalet, altså summen av timar elevane mottek undervisning. Lærartimar den samla leseplikta til lærarane i grunnskolen, altså summen av timar lærarane gjev undervisning til ei gruppe eller einskilte elevar. Timar til morsmålsundervisning og finsk som andrespråk blir ikkje rekna med i lærartimane, av di dei ikkje er med i elevtimetalet. Tid til førebuing og etterarbeid er heller ikkje med i lærartimane. Elevar per årsverk er talet elevar delt på summen av årsverk utførd av personell anset i lærarstillingar. Alle arbeidsoppgåvene til ein lærar som mellom anna leseplikt, førebuing og etterarbeid, inngår i lærarårsverket. |
Elevtimar per lærertime opp, elevar per lærar årsverk ned
Talet elevar per årsverk gjekk ned frå 12,5 i 2003 til 12,2 i 2004. Dette gjenspeilast ikkje i den gjennomsnittelge gruppestorleiken som, motsatt av elevar per årsverk, auka frå 13,7 til 13,8 i same periode.
Det er fleire faktorar som kan forklare desse motstridande endringane i tala. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken fangar opp endringar i leseplikta (tida til undervisning) til lærarane og minstetimetalet til elevane. Dette fangast i mindre grad opp i tall på lærar årsverk og elevtal.
På 1.-4. årstrinn ble timetalet auka frå skoleåret 2004/05. Dette kan være årsaka til at talet elevtimar aukar i barneskolen sjølv om talet elevar minkar i høve til året før. Ei auke i elevtimane fører til auka gruppestorleiken i barneskolen viss det ikkje motsvarast av ei proporsjonal auke i lærartimane. Samstundes minkar talet elevar i barneskolen, medan det aukar i ungdomsskolen. Gruppestorleiken i ungdomsskolen er noko høgare enn i barneskolen. Fleire ungdomsskoleelevar i høve til barneskoleelevar gjer at den høgare gruppestorleiken i ungdomsskolen vektast tyngre enn i fjor når den gjennomsnittlege gruppestorleiken bereknast for heile grunnskolen.
Ressursbruken i friskolar og offentlege skolar
Samanlikningar av tal for gjennomsnittelg gruppestorleik og talet elevar per lærar i offentlege og frittståande grunnskolar viser at ressursinnsatsen per elev generelt er høgare i friskolane. Friskolane er i gjennomsnitt under halvparten så store som dei offentlege grunnskolane. I 2004 hadde dei frittståande skolane ein gjennomsnittelg gruppestorleik på 11,6 medan det i dei offentlege skolane var ein gjennomsnittleg gruppestorleik på 13,9. Noko av forklaringa på den lågare gruppestorleiken i friskolane kan være at mange friskolar ligg i grisgrena strøk, og at somme er starta i område der det offentlege har sett det uråd å drive skole. Men det er finnast også døme på friskolar som utmerkar seg med høg gruppestorleik i forhold til både frittståande og offentlege skolar. Det er store regionale variasjonar i tala.
Finansiering av frittståande grunnskolar Lov av 4. juli 2003 nr 84 om frittståande skolar (friskolelova). § 6-1. Offentlege tilskot til grunnskolar Frittståande grunnskolar som er godkjende etter § 2-1 får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette gjeld
likevel ikkje skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.
1. Grunnskolar får tilskot av staten med 85 prosent av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 % av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotet vert rekna ut på grunnlag av ein normalsats pr. elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskulen til dei typar utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast til grunn. Det skal likevel takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg og utgiftene på landsbasis. § 6-2. Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje
kan
a) gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande verken når skolen er i drift eller om drifta opphører. b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigendom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Skolar som tek imot offentlege tilskot som fullt ut dekkjer driftsutgiftene, kan ikkje krevje inn skolepengar. Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 prosent av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset, jf. § 6-1, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Dersom skolen har driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole i kommunen det er naturleg å samanlikne seg med, men som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget, kan styret søkje departementet om å få godkjent høgare skolepengar. Skolen kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste