Rekordmange elevar i private skolar

Publisert:

Om lag 630 000 elevar starta i grunnskolen hausten 2016, ein auke på 5 000 frå førre skoleår. Talet på elevar på privatskole, 23 000, har aldri vore høgare. Det er i Oslo, Vestfold og Aust-Agder at flest elevar vel private skolar.

I år er det 629 275 elevar i norske grunnskolar. 58 prosent av dei går på store skolar med 300 elevar eller fleire. 87 prosent har bokmål som hovudmål, medan 12 prosent brukar nynorsk. 8 prosent av elevane får spesialundervisning, av dei er nær 70 prosent gutar. 

Figur 1

Figur 1. Elevar i grunnskolen 2006-2016. Prosentvis endring. Fylke

Skilnaden aukar mellom fylka

Dei siste ti åra har elevtalet auka med over 9 000 elevar. I fem fylkar aukar elevtalet over gjennomsnittet for landet i desse åra (sjå figur 1). Det skjer hovudsakleg i Oslo og Akershus, fylke som har mange elevar frå før. Samstundes har elleve fylke færre elevar i dag i høve til det dei hadde for ti år sidan, og halvdelen har minska sitt elevtal med over 7 prosent på ti år. 

Biletet vert annleis om vi ser siste året isolert (sjå figur 2). Sidan 2015 har elevtalet auka med over 5 000 elevar, denne positive trenden er betre spreidd landet rundt. Frå førre skoleår har elevtalet auka i 15 fylker. Medan Hedmark, Nordland og Finnmark er mellom fylka med størst nedgang, både om ein ser to og ti år attende i tid. 

Figur 2

Figur 2. Elevar i grunnskolen 2015-2016. Prosentvis endring. Fylke

Fleire i privatskole

Nær 23 000 elevar går på privatskole i 2016 – det høgste talet nokon gang. Det svarar til 3,6 prosent av elevane, som også er den største delen nokon gong. Det er i Oslo, Vestfold og Aust-Agder at størst del av elevane vel private skolar, i alle fylka går 5 prosent av elevane på privatskolar. I Sogn og Fjordane, som er fylket med færrast elevar i privatskole, er delen 0,5 prosent. 

Til samanlikning går 15 prosent av grunnskoleelevane i Sverige på såkalla 'enskilda skolar', som er deira form for privatskolar. 

Meir bruk av bokmål

Brukarar av nynorsk og bokmål har vore relativt jamt fordelt sidan statistikken starta i 2002, men det er ein svak auke av bokmål desse åra. Frå 2002 aukar elevar med bokmål som målform med 2 prosentpoeng, medan nynorskdelen går ned 2 prosentpoeng. 

Bruk av samisk går òg ned i same periode. I 2016 er det 814 elevar som får undervisninga si på samisk, mot 1057 i 2002. Det er hovudsakleg i Finnmark at elevar brukar samisk, eit fylke mellom dei med størst nedgang i elevtalet som nemnt før. 

Mindre spesialundervisning og morsmåls- og tospråkleg fagopplæring

Talet på elevar med spesialundervisning har gått jamt ned sidan ein topp på om lag 52 000 elevar i 2011. I år er det snaue 50 000 elevar som får spesialundervisning, som svarar til 8 prosent av alle elevar. Talet på elevar med spesialundervisning aukar med klassetrinna, men har ein nedgang da elevane startar på ungdomsskolen og på åttande trinn. Derifrå aukar det jamt att opp mot tiande trinn. 

Det er òg færre elevar som får morsmålsopplæringtospråkleg fagopplæring og/eller tilrettelagd opplæring i 2016 i høve til tidlegare år. Medan drygt 22 000 fekk denne type opplæring i 2008, er talet i dag drygt 14 000. Samstundes går talet på elevar med særskild norskopplæring opp. Drygt 49 000 elevar får denne type opplæring i 2016, det er 9000 fleire samanlikna med for ti år sidan. 

Elevane vert dyrare

Kvar elev har vorte om lag 16 500 kroner dyrare i året sidan 2010. KOSTRA-tal frå rekneskapsåret 2015 syner at ein elev kosta 108 500 kronar i året i gjennomsnitt førre skoleår. Då er utgifter til grunnskoleundervisninga, skolelokale og skoleskyss tatt med. 80 prosent av utgifta går til løn, og det er denne posten som i hovudsak har stige. 

KOSTRA-tala viser òg at 86 prosent av lærarane i grunnskolen har pedagogisk utdanning frå universitet/høgskole. Denne delen har vore stabil frå 2010. 

Meir om KOSTRA-tala (Kommune-Stat-Rapportering)

I statistikkbanken kan du også finne KOSTRA-tal. KOSTRA savr for Kommune-Stat-Rapportering og gir statistikk om ressursinnsatsen, prioriteringar og måloppnåing i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Du kan til dømes finne netto driftsutgifter i grunnskolesektoren (inkl. grunnskole, vaksenopplæring, SFO, skolelokalar og skoleskyss), lærartal og lærarårsverk, gjennomsnittleg gruppestorleik, lønsutgifter etc. Indikatorar for KOSTRA-grunnskole baserar seg på rekneskapstal og tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Sidan elevtalet er registrert per 1.10. for skoleåret, er elevtala frå GSI justert til å samsvare med rekneskapsåret i forholdet 7/12 for elevtalet i fjor og 5/12 for elevtalet i år. Tal for rekneskapsåret 2014 publiseras foreløpig i mars 2015, og endeleg i juni 2015. For utdjupande informasjon om kvar enkelt indikator, viser vi til KOSTRA- databasen.

Kontakt