Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka satsar i barnehagane
Barnehagesatsane steig samla sett med 2,6 prosent frå august 1999 til januar 2000. Det er stor skilnad i veksten på eigenbetalinga mellom dei ulike landsdelar. Frå januar i fjor til januar i år auka satsane med 4,5 prosent.
Trøndelagsfylka har samla sett hatt den kraftigaste oppgangen i satsane det siste halvåret, med ein auke på 3,6 prosent. Barnehagane i Agder/Rogaland hadde den lågaste veksten med 0,6 prosent. I dei andre regionane varierer veksten mellom 2,3 og 2,8 prosent.
Det siste halvåret har kommunale barnehagar auka takstane sine med 2,7 prosent medan satsane i dei private barnehagane har stige 2,5 prosent. Når det gjeld kommunale barnehagar har foreldra til barn i Trøndelagsfylka opplevd den klart største auken i eigenbetaling med 3,9 prosent. For dei private barnehagane er det på Austlandet takstane har auka mest med 3,1 prosent. Om lag 50 prosent av dei kommunale barnehagane har auka satsane sine sidan august 1999, medan knapt 40 prosent av dei private barnehagane har gjort det same.
Biletet blir noko endra når vi ser på perioden januar 1999 til januar 2000. Samla sett har Nord-Noreg, tett følgd av Austlandet, hatt den sterkaste veksten medan Agder/Rogaland kjem lågast ut.
Statistikken er ei delundersøking til konsumprisindeksen og blir gitt ut to gonger i året.
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.