Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lite endring i barnehagesatsane
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,2 prosent frå januar til august 2010. Dei kommunale betalingssatsane bidrog mest til oppgangen.
På landsbasis auka foreldrebetalinga i kommunale barnehagar i gjennomsnitt med 0,3 prosent frå januar til august 2010. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,1 prosent. Til samanlikning gjekk dei private barnehagesatsane ned med 0,1 prosent frå august 2009 til januar 2010. Dei offentlige barnehagane står for 54 prosent av det totale barnehagetilbodet.
Regionen Agder/Rogaland hadde størst oppgang i foreldrebetalingssatsane for kommunale barnehagar, med ei endring på 0,9 prosent. I Oslo og Akershus gjekk prisane opp 0,3 prosent, medan det vart registrert ein oppgang på 0,2 prosent for dei resterande regionane. Totalt var oppgangen for den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet på 0,4 prosent frå august 2009 til august 2010.
Kommunane har tilpassa barnehagesatsane til maksimalsatsen på 2 330 kroner i månaden, og endringane kjem i hovudsak av nye satsar for kostpengar samt andre ekstrakostnader som skal dekkje utflukter og liknande.
MaksimumsprisarMaksimalgrensa for månadssatsen for eit heiltidstilbod i barnehage er fastsett av Stortinget og er 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis. Det er ikkje vedteke endring i maksimalsatsen for 2010. |
August 2009-januar 2010 | Januar 2010-august 2010 | August 2009-august 20104 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,2 | 0,2 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunale barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,4 | 0,3 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 0,1 | 0,3 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark og Oppland | 0,8 | 0,2 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-østlandet1 | - | 0,2 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder/Rogaland2 | 0,3 | 0,9 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlandet3 | 0,5 | 0,2 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag | 0,4 | 0,2 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Norge | 1,3 | 0,2 | 1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | -0,1 | 0,1 | - | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. |
2 | øst-Agder, Vest-Agder og Rogaland. |
3 | Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. |
4 | Berekna på bakgrunn av ikkje-avrunda endringsrater for januar og august. |
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.