Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i barnehagesatsane
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,4 prosent frå august 2010 til januar 2011. Dei kommunale betalingssatsane auka mest.
På landsbasis auka foreldrebetalinga i kommunale barnehagar i gjennomsnitt med 0,5 prosent frå august 2010 til januar 2011. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,2 prosent. Dei offentlege barnehagane står for 54 prosent av det totale barnehagetilbodet.
Regionen Agder/Rogaland hadde størst oppgang i foreldrebetalingssatsane for kommunale barnehagar, med ei endring på 0,8 prosent. Oslo og Akershus hadde i lag med Nord-Noreg ein prisoppgang på 0,7 prosent, Sør-Austlandet viste ein oppgang på 0,5 prosent, medan det vart registrert ei auke på 0,3 prosent for dei resterande regionane. Totalt var oppgangen for den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet på 0,9 prosent frå januar 2010 til januar 2011.
Kommunane har tilpassa barnehagesatsane til maksimalsatsen på 2 330 kroner i månaden, og endringane kjem i hovudsak av nye satsar for kostpengar samt andre ekstrakostnader som skal dekkje utflukter og liknande.
MaksimumsprisarMaksimalgrensa for foreldrebetalinga sett av Stortinget vil bli vidareført på det same nominelle nivået som i 2010. Maksimalprisen blir då 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. |
Januar 2010-august 2010 | August 2010-januar 2011 | Januar 2010-januar 20114 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,2 | 0,4 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunale barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,3 | 0,5 | 0,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 0,3 | 0,7 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark og Oppland | 0,2 | 0,3 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Austlandet1 | 0,2 | 0,5 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder/Rogaland2 | 0,9 | 0,8 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlandet3 | 0,2 | 0,3 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag | 0,2 | 0,3 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Noreg | 0,2 | 0,7 | 0,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,1 | 0,2 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. |
2 | øst-Agder, Vest-Agder og Rogaland. |
3 | Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. |
4 | Beregnet på bakgrunn av ikke-avrunde endringsrater for januar og august. |
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.