Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Barnehagesatsane opp 0,7 prosent
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,7 prosent frå januar 2011 til august 2011. Dei kommunale betalingssatsane auka mest.
På landsbasis auka foreldrebetalinga i kommunale barnehagar i gjennomsnitt med 0,8 prosent frå januar til august 2011. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,5 prosent. Dei offentlige barnehagane står for 53 prosent av det totale barnehagetilbodet.
Regionen Oslo og Akershus hadde størst oppgang i foreldrebetalingssatsane for kommunale barnehagar, med ei endring på 3,1 prosent. Endringane kjem i hovudsak av nye satsar for kostpengar samt andre ekstrakostnader som skal dekkje utflukter og liknande.
Hedmark og Oppland viste ei prisauke på 0,4 prosent i dei kommunale barnehagesatsane, medan Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg viste oppgang på 0,1 prosent. Satsane i Agder/Rogaland var uendra, medan det vart registrert ein liten nedgang på 0,1 prosent for Sør-Austlandet. Kommunane har tilpassa barnehagesatsane til maksimalsatsen på 2 330 kroner i månaden.
Frå august 2010 til august 2011 vart det målt ein oppgang for den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet på 1,4 prosent.
MaksimumsprisarMaksimalgrensa for foreldrebetalinga sett av Stortinget vil bli vidareført på det same nominelle nivået som i 2010. Maksimalprisen blir då 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. |
August 2010-januar 2011 | Januar 2011-august 2011 | August 2010-august 20114 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,4 | 0,7 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunale barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,5 | 0,8 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 0,7 | 3,1 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark og Oppland | 0,3 | 0,4 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Austlandet1 | 0,5 | -0,1 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder/Rogaland2 | 0,8 | - | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlandet3 | 0,3 | 0,1 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag | 0,3 | 0,1 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Noreg | 0,7 | 0,1 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,2 | 0,5 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. |
2 | Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. |
3 | Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. |
4 | Berekna på bakgrunn av ikkje-avrunda endringsrater for januar og august. |
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.