Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Barnehagesatsane opp 0,5 prosent
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,5 prosent frå august 2011 til januar 2012. Dei kommunale betalingssatsane auka mest.
På landsbasis auka foreldrebetalinga i kommunale barnehagar i gjennomsnitt med 0,7 prosent frå august 2011 til januar 2012. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,3 prosent. Dei offentlege barnehagane står for 53 prosent av det totale barnehagetilbodet.
I regionen Agder/Rogaland auka prisen med 1,7 prosent i dei kommunale barnehagesatsane, medan i Nord-Noreg og Sør-Austlandet auka prisen med høvesvis 1,1 og 1,0 prosent.
Endringa kjem både av auke i opphaldsbetalinga, samt nye satsar for kostpengar og andre ekstrakostnader som skal dekkje utflukter og liknande.
Årsbetalinga gjekk opp med 0,8 prosent i Hedmark og Oppland og 0,4 prosent i Oslo og Akershus. I Trøndelag og Vestlandet auka prisen med høvesvis 0,2 og 0,1 prosent. Kommunane har tilpassa barnehagesatsane til maksimalsatsen på 2 330 kroner i månaden.
Frå januar 2011 til januar 2012 vart det målt ein oppgang for den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet på 1,6 prosent.
MaksimumsprisarMaksimalgrensa for foreldrebetalinga sett av Stortinget vil bli vidareført i 2012 på det same nominelle nivået som i 2011. Maksimalprisen er då 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. |
Januar 2011- august 2011 |
August 2011- januar 2012 |
Januar 2011- januar 20124 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,7 | 0,5 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunale barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,8 | 0,7 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 3,1 | 0,4 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark og Oppland | 0,4 | 0,8 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Austlandet1 | -0,1 | 1,0 | 0,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder/Rogaland2 | - | 1,7 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlandet3 | 0,1 | 0,1 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag | 0,1 | 0,2 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Noreg | 0,1 | 1,1 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,5 | 0,3 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. |
2 | Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. |
3 | Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. |
4 | Berekna på bakgrunn av ikkje-avrunda endringsratar for januar og august. |
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.