Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat oppgang i barnehagetakstane
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,3 prosent frå januar til august 2012. Det var dei private betalingssatsane som bidrog til auken.
På landsbasis viste foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane inga endring frå førre måling i januar til august 2012. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,6 prosent. Dei offentlige barnehagane står for 53 prosent av det totale barnehagetilbodet.
I regionane Hedmark/Oppland og Trøndelag auka prisen 0,3 prosent for dei kommunale barnehagesatsane, medan prisane i Nord-Noreg og Vestlandet begge gjekk opp 0,2 prosent.
Endringa kjem av både auke i opphaldsbetalinga, og nye satsar for kostpengar og andre ekstrakostnadar som skal dekkje utflukter og liknande.
Foreldrebetalinga gjekk opp 0,1 prosent i Oslo og Akershus frå januar til august i år, men det var inga endring i betalingssatsane for gjennomsnittet av kommunane på Sør-Austlandet. Regionen Agder/Rogaland hadde i same periode ein prisnedgang på 0,5 prosent. Kommunane har tilpassa barnehagesatsane til maksimalsatsen på 2 330 kroner i månaden.
Frå august 2011 til august 2012 vart det målt ein oppgang i den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet, på 0,8 prosent.
MaksimumsprisarMaksimalgrensa for foreldrebetalinga, som er sett av Stortinget, er vidareført i 2012 på det same nominelle nivået som i 2011. Maksimalprisen for ein heiltidsplass er då 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis. |
August 2011- januar 2012 |
Januar 2012- august 2012 |
August 2012- august 20124 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,5 | 0,3 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunale barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,7 | 0,0 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 0,4 | 0,1 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark og Oppland | 0,8 | 0,3 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Austlandet1 | 1,0 | 0,0 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder/Rogaland2 | 1,7 | -0,5 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlandet3 | 0,1 | 0,2 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag | 0,2 | 0,3 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Noreg | 1,1 | 0,2 | 1,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Private barnehagar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 0,3 | 0,6 | 0,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. |
2 | Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. |
3 | Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. |
4 | Berekna på bakgrunn av ikkje-avrunda endringsratar for januar og august. |
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.