Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabile barnehagetakstar
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 0,3 prosent frå august 2012 til januar 2013. Det var dei private betalingssatsane som bidrog mest til auken.
Januar 2012 - August 2012 | August 2012 - Januar 2013 | Januar 2012 - Januar 2013 | |
---|---|---|---|
Kommunale og private barnehagar | |||
Heile landet | 0,3 | 0,3 | 0,6 |
Kommunale barnehagar | |||
Heile landet | 0,0 | 0,1 | 0,1 |
Oslo og Akershus | 0,1 | 0,2 | 0,3 |
Hedmark og Oppland | 0,3 | 0,1 | 0,4 |
Sør-Østlandet | 0,0 | 0,4 | 0,4 |
Agder og Rogaland | -0,5 | 0,0 | -0,5 |
Vestlandet | 0,2 | 0,0 | 0,2 |
Trøndelag | 0,3 | -1,4 | -1,2 |
Nord-Norge | 0,2 | 1,4 | 1,6 |
Private barnehagar | |||
Heile landet | 0,6 | 0,5 | 1,1 |
På landsbasis viste foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane ei endring på 0,1 prosent frå målinga i august 2012 til januarmålinga. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 0,5 prosent. Dei offentlege barnehagane står for 53 prosent av det totale barnehagetilbodet .
I Nord-Noreg auka betalingssatsane med 1,4 prosent frå den føregåande målinga, medan satsane i regionane Sør-Austlandet samt Oslo og Akershus gjekk opp med høvesvis 0,4 og 0,2 prosent. I Hedmark og Oppland gjekk foreldrebetalinga opp 0,1 prosent frå august i fjor til januar i år, medan det ikkje var noko endring i betalingssatsane for gjennomsnittet av kommunane i Agder/Rogaland og i dei tre nordlegaste Vestlands-fylka. Trøndelag hadde i den same perioden ein prisnedgang på 1,4 prosent. I tillegg til nye satsar for kostpengar og andre ekstrakostnader som skal dekke utflukter og liknande, må endringane sjåast i samanheng med skiftet i betalingssystemet til enkelte kommunar.
Frå januar 2012 til januar 2013 vart det målt ein oppgang i den samla foreldrebetalinga for det kommunale barnehagetilbodet på 0,1 prosent.
MaksimumsprisarÅpne og lesLukk
Maksimalgrensa for foreldrebetalinga, som er sett av Stortinget, er vidareført i 2013 på det same nominelle nivået som i 2012. Sidan 2007 har maksimalprisen for ein heiltidsplass vore 2 330 kroner per månad, tilsvarande 25 630 kroner på årsbasis.
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.