Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Høgare barnehagetakstar
Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 3,0 prosent frå januar 2013 til januar 2014. Mykje av oppgangen heng saman med eit stortingsvedtak om å heve maksimalsatsen i 2014.
Januar 2012-januar 2013 | Januar 2013-januar 2014 | |
---|---|---|
1Østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark. | ||
2Øst-Agder, Vest-Agder og Rogaland. | ||
3Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. | ||
Kommunale og private barnehagar | ||
Heile landet | 0,6 | 3,0 |
Kommunale barnehagar | ||
Heile landet | 0,2 | 3,3 |
Oslo og Akershus | 0,3 | 3,5 |
Hedmark og Oppland | 0,4 | 2,7 |
Sør-Austlandet1 | 0,4 | 2,6 |
Agder/Rogaland2 | -0,5 | 4,8 |
Vestlandet3 | 0,2 | 3,5 |
Trøndelag | -1,2 | 2,8 |
Nord-Noreg | 1,6 | 1,9 |
Private barnehagar | ||
Heile landet | 1,1 | 2,6 |
På landsbasis viste foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane ei endring på 3,3 prosent dei siste tolv månadene. Betalingssatsane for barn i private barnehagar gjekk samstundes opp med 2,6 prosent. Dei offentlege barnehagane står for 53 prosent av det totale barnehagetilbodet .
I Agder/Rogaland auka betalingssatsane i kommunale barnehagar med 4,8 prosent frå den føregåande målinga i januar 2013, medan satsane i regionane Vestlandet samt for Oslo og Akershus begge gjekk opp med 3,5 prosent dei siste tolv månadene. I Trøndelag auka foreldrebetalinga 2,8 prosent, medan betalingssatsane i Hedmark og Oppland samt på Sør-Austlandet gjekk opp høvesvis 2,7 og 2,6 prosent i den same perioden. Nord-Noreg viste ein samla auke i betalingssatsane på 1,9 prosent.
I tillegg til den auka maksimalsatsen som er sett av Stortinget, må ein også sjå endringane i samanheng med nye satsar for kostpengar og andre ekstrakostnader som skal dekke utflukter og liknande.
Heva maksimumsprisar for første gong sidan 2007Åpne og lesLukk
Maksimalgrensa for foreldrebetalinga er sett av Stortinget. Frå 2014 er denne sett opp til 2 405 kroner per månad for ein heiltidsplass, 26 455 kroner på årsbasis. Førre gongen maksimalgrensa vart endra var i 2007 då ho vart sett til 2 330 kroner per månad.
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.