196623_not-searchable
/utdanning/statistikker/barnegenend/aar
196623
Høgare barnehagetakstar etter stortingsvedtak
statistikk
2015-02-10T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
barnegenend, Eigenbetaling i barnehagar, endringstal, foreldrebetaling, barnehagesatsar, private barnehagar, offentlege barnehagarKonsumpriser, Barnehager, Utdanning, Priser og prisindekser
false
Statistikken viser endringer i satser, kostpenger og annen foreldrebetaling i kommunale og private barnehager. Fra 2014 til 2015 økte den totale barnehageprisen 2,9 prosent.

Eigenbetaling i barnehagar, endringstal2015, Januar

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare barnehagetakstar etter stortingsvedtak

Foreldrebetalinga i kommunale og private barnehagar viste ein samla auke på 2,9 prosent frå januar 2014 til januar 2015. Ein stor del av oppgangen er knyta til aukinga av maksimalsatsen som trådde i kraft 1. januar i år.

Barnehagetakstar. Endring i prosent
Januar 2013 - Januar 2014Januar 2014 - Januar 2015
Kommunale og private barnehagar
Heile landet3,02,9
 
Kommunale barnehagar
Heile landet3,32,7
Oslo og Akershus3,52,6
Hedmark og Oppland2,73,3
Sør-Austlandet2,61,6
Agder og Rogaland4,83,4
Vestlandet3,52,0
Trøndelag2,83,4
Nord-Noreg1,93,2
 
Private barnehagar
Heile landet2,63,2

Maksimalgrensa for foreldrebetalinga er sett av Stortinget. 1. januar 2015 auka maksimumsprisen frå 2405 kroner per månad til 2480 kroner per månad for ein heiltidsplass. I tillegg til auken i maksimalsatsen må endringane i foreldrebetalinga i perioden sjåast i samanheng med nye satsar for kostpengar og andre ekstrakostnader som skal dekke utflukter og liknande.

Foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane viste ei totalendring på 2,7 prosent dei siste tolv månadane, medan auken i private barnehagar var på 3,2 prosent i den same perioden. Dei offentlege barnehagane står no for 52 prosent av det totale barnehagetilbodet målt i talet på barn i barnehage.

På regionsnivå har oppgangen for dei kommunale betalingssatsane vore lågast på Sør-Austlandet, der prisane steig 1,6 prosent dei siste tolv månadane. Trøndelag har saman med Agder og Rogaland hatt den største prisveksten. I desse to regionane har satsane gått opp 3,4 prosent i denne perioden. I Hedmark og Oppland var prisstiginga på 3,3 prosent, medan auken utgjorde 3,2 prosent i Nord-Noreg. Betalingssatsane auka 2,0 prosent på Vestlandet, og 2,6 prosent i Oslo og Akershus.