Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tilnærma uendra barnehagesatsar
Den gjennomsnittlege månadssatsen for eit barn med fulltidsopphald i kommunal barnehage var 2 298 kroner i januar 2013. Dette talet gjeld for eit hushald med brutto årsinntekt på 500 000 kroner og er uendra frå i fjor.
Minimumssatsen | 250 000 kr | 375 000 kr | 500 000 kr | Maksimumssatsen | |
---|---|---|---|---|---|
2013 | 1 564 | 2 125 | 2 258 | 2 298 | 2 326 |
2012 | 1 592 | 2 145 | 2 262 | 2 297 | 2 324 |
2011 | 1 573 | 2 090 | 2 229 | 2 270 | 2 298 |
2010 | 1 549 | 2 079 | 2 218 | 2 262 | 2 292 |
2009 | 1 596 | 2 113 | 2 265 | 2 291 | 2 293 |
2008 | 1 537 | 2 089 | 2 249 | 2 297 | 2 317 |
Foreldrebetalingsundersøkinga per januar 2013 viste at månadssatsane har vore tilnærma uendra for punktobservasjonane frå januar 2012, med unntak av punktobservasjonen 250 000 kroner som viste ein nedgang på 0,7 prosent. Gjennomsnittleg månadssats for fulltidsopphald for eit barn i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 kroner var på landsbasis 2 125 kroner per januar 2013. Tilsvarande satsar for hushald med brutto årsinntekt på 375 000 og 500 000 kroner var høvesvis 2 258 og 2 298 kroner. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna, i den grad det lét seg gjere.
I gjennomsnitt var den kommunale minimumssatsen i januar 2013 1 564 kroner per månad, medan maksimumssatsen var 2 326 kroner.
Dei regionale ulikskapane varar ved
Flest kommunar registrerte med låge minimumssatsar ligg på Sør-Austlandet, medan flest kommunar med høge minimumssatsar ligg i Midt- og Nord-Noreg. Hovudårsaka til denne ulikskapen er at inntektsgradert betalingsordning i større grad vert nytta på Sør-Austlandet enn kva tilfellet er i Midt- og Nord-Noreg. Undersøkinga viser at 93 prosent av kommunane har innført ein maksimumssats som er lik maksimalsatsen , på 2 330 kroner.
I dei private barnehagane var gjennomsnittleg månadsbetaling for eit barn 2 297 kroner i januar 2013. Kostpengar og tilleggsutgifter er ikkje inkluderte dersom dei er spesifiserte. 92 prosent av dei private barnehagane i utvalet oppgjev at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner.
Svak auke i kostpengar
I høve til forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kost kome i tillegg til månadsbetalinga. Når det vert berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er den avhengig av kostpengar og andre utgifter, samt talet på betalingsmånader.
Rundt 97 prosent av dei kommunale barnehagane krev inn kostpengar separat. I januar i år betalte hushald med eit barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 214 kroner i kostpengar per månad. Det er ein auke på 0,5 prosent frå januar 2012.
86 prosent av dei private barnehagane krev inn kostpengar i tillegg til sjølve opphaldsbetalinga.
Inntektsgradering mest utbredt i folkerike kommunar
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i, eller fritak for, foreldrebetaling. Kommunane kan likevel sjølve avgjere om dei ynskjer å tilby inntektsgradert betalingsordning.
23 prosent av kommunane opererer med eit system for inntektsgradering innafor det ordinære betalingssystemet i barnehagen. Det er dei mest folkerike kommunane som nytter inntektsgraderte betalingssatsar, og i underkant av halvparten av alle barna i kommunale barnehagar høyrer til ein kommune som tilbyr graderte satsar. Blant dei private barnehagane er det 28 prosent som rapporterer at dei nyttar inntektsgraderte satsar.
Søskenrabatt i alle kommunar
Resultata viser vidare at alle kommunane tilbyr søskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. I tillegg oppgjev 93 prosent av kommunane som har rapportert at dei har privat barnehagetilbod i kommunen, at dei private barnehagane har dei same moderasjonsordningane som dei kommunale barnehagane.
Tala i artikkelen er henta frå rapporten ” Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar ”, januar 2013.
Kontakt
-
Hamdi A. Mohamed
E-post: hamdi.mohamed@ssb.no
tlf.: 46 81 54 76
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Silje Skjolden Thorsnes
E-post: silje.skjolden.thorsnes@ssb.no
tlf.: 45 66 42 04