Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Store skilnader i barnehagesatsane
Foreldrebetalinga i barnehagar varierer sterkt etter kvar ein bur i landet. Størst er skilnadene for familiar med låg bruttoinntekt. Skilnadene skuldast i stor grad kommunane sine val av betalingssystem.
Dyrast for familiar med låg inntekt og eitt barn i barnehage er det i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal. Den lågaste årsbetalinga finn ein i Akershus og Oslo . Årsbetalinga varierer frå 5 982 kroner i Akershus til 32 208 kroner i Nord-Trøndelag for familiar med låg inntekt. Ser ein derimot på familiar med høg inntekt, må ein i Oslo betale om lag 35 prosent meir for ein barnehageplass enn i Rogaland, som kjem rimelegast ut.
Med brutto årsinntekt på 100 000 og 375 000 kroner, er årsbetalinga på landsbasis i gjennomsnitt respektive 22 818 og 32 140 kroner. Årsbetalinga er rekna ut ifrå månadssats inkludert kostpengar og talet på innbetalingar i året.
Betalingssystem
Dei store skilnadene i årsbetalinga kan i stor grad bli forklart av kva system for betaling kommunane vel å bruke. 45 av kommunane i utvalet på 109 kommunar har innført betalingssatsar etter kva hushalda tener medan dei resterande ikkje tek omsyn til inntekta (flate satsar). Kommunar som bruker flate betalingssatsar fell derfor dyre for låginntektsfamiliar. Kombinasjonen låg inntekt og høge barnehageutgifter kan òg føre til at hushald kjem under spesielle stønadsordningar. Om lag 68 prosent av utvalet tilbyr ulike rabatt- eller friplassordningar.
Fleire kommunar krev høgare satsar for dei yngste barna. I januar 2000 kravde 27 kommunar høgare satsar for barn under tre år medan i januar 1997 gjorde 19 kommunar det same. Alle kommunar tilbyr syskenmoderasjon for familiar med fleire barn i same barnehage. Nesten halvparten av utvalet gir syskenmoderasjon på 50 prosent for barn nummer to.
Private barnehagar
Dei private barnehagane utan kommunalt tilskot nyttar i all hovudsak flate satsar når dei fastset sine satsar. For hushald med høg inntekt busett i Oslo, Trondheim og Bodø med eitt barn i barnehage, er årsbetalinga i kommunal barnehage tilnærma lik den gjennomsnittlege årsbetalinga i private barnehagar. I Trondheim og Bodø gjeld òg det same for hushald med låg inntekt. I Stavanger og Bergen er ein kommunal barnehageplass respektive 27 og 20 prosent rimelegare enn ein privat barnehageplass for høginntektsgrupper.
årsbetaling for kommunal barnehageplass,
etter brutto årsinntekt. Januar 2000 |
årsbetaling. Kroner | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Brutto årsinntekt 100 000 kroner | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire rimelegaste fylka | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Akershus | 5 982 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo | 7 700 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 10 546 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vest-Agder | 14 365 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire dyraste fylka | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Trøndelag | 32 208 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møre og Romsdal | 31 664 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oppland | 31 104 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Trøndelag | 30 470 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brutto årsinntekt 375 000 kroner | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire rimelegaste fylka | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 28 596 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finnmark | 29 914 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sogn og Fjordane | 29 934 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Troms | 30 329 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire dyraste fylka | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo | 38 610 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Buskerud | 34 665 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hordaland | 34 458 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Telemark | 33 831 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken blir gitt ut kvart halvår.
Kontakt
-
Hamdi A. Mohamed
E-post: hamdi.mohamed@ssb.no
tlf.: 46 81 54 76
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Silje Skjolden Thorsnes
E-post: silje.skjolden.thorsnes@ssb.no
tlf.: 45 66 42 04