Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i barnehagesatsane
Den gjennomsnittlege månadssatsen for eit barn med fulltidsopphald i kommunal barnehage var 2 297 kroner i januar 2012. Dette talet gjeld for eit hushald med brutto årsinntekt på 500 000 kroner, og er ein oppgang på 0,9 prosent frå januar i fjor.
Foreldrebetalingsundersøkinga per januar 2012 viste at månadssatsane har auka svakt for alle punktobservasjonane for dei ulike inntektsnivåa frå januar 2011.
Små endringar i betalingssatsane i barnehagane
Gjennomsnittleg månadssats for fulltidsopphald for eit barn i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 kroner var på landsbasis 2 145 kroner per januar 2012. Tilsvarande satsar for hushald med brutto årsinntekt på 375 000 og 500 000 kroner var høvesvis 2 262 og 2 297 kroner. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna, i den grad det let seg gjere.
I gjennomsnitt var den kommunale minimumssatsen i januar 2012 1 592 kroner per månad, maksimumssatsen var 2 324 kroner.
Dei regionale ulikskapane varar ved
Flest kommunar registrert med låge minimumssatsar ligg på Sør-Austlandet, medan flest kommunar med høge minimumssatsar ligg i Midt- og Nord-Noreg. Hovudårsaka til denne ulikskapen er at inntektsgradert betalingsordning i større grad vert nytta på Sør-Austlandet enn kva tilfellet er i Midt- og Nord-Noreg. Undersøkinga viser at 92 prosent av kommunane har innført ein maksimumssats som er lik maksimalsatsen på 2 330 kroner.
I dei private barnehagane var gjennomsnittleg månadsbetaling for eit barn 2 295 kroner i januar 2012. Kostpengar og tilleggsutgifter er ikkje inkludert dersom dei er spesifiserte. 91 prosent av dei private barnehagane i utvalet oppgjev at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner.
Svak auke i kostpengar
I høve til forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kost kome i tillegg til månadsbetalinga. Når det vert berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er denne avhengig av kostpengar og andre utgifter, samt talet på betalingsmånader.
Rundt 95 prosent av dei kommunale barnehagane krev inn kostpengar separat. I januar i år betalte hushald med eit barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 209 kroner i kostpengar per månad. Det er ein auke på 3 prosent frå januar 2011.
85 prosent av dei private barnehagane krev inn kostpengar i tillegg til sjølve opphaldsbetalinga.
Inntektsgradering mest utbredt i folkerike kommunar
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i, eller fritak for, foreldrebetaling. Kommunane kan likevel sjølve avgjere om dei ynskjer å tilby inntektsgradert betalingsordning.
22 prosent av kommunane opererer med eit system for inntektsgradering innafor det ordinære betalingssystemet i barnehagen. Det er dei mest folkerike kommunane som nytter inntektsgraderte betalingssatsar, og i underkant av halvparten av alle barna i kommunale barnehagar høyrer til ein kommune som tilbyr graderte satsar. Blant dei private barnehagane er det 28 prosent som rapporterar at dei nyttar inntektsgraderte satsar.
Søskenrabatt i alle kommunar
Resultata viser vidare at alle kommunane tilbyr søskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. I tillegg oppgjev 88 prosent av kommunane som har rapportert at dei har privat barnehagetilbod i kommunen, at dei private barnehagane har same moderasjonsordningar som dei kommunale barnehagane.
Tala i artikkelen er henta frå rapporten ” Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar ”, januar 2012. |
Kontakt
-
Hamdi A. Mohamed
E-post: hamdi.mohamed@ssb.no
tlf.: 46 81 54 76
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Silje Skjolden Thorsnes
E-post: silje.skjolden.thorsnes@ssb.no
tlf.: 45 66 42 04