Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Grunnskole ein stor utgiftspost
Området "Grunnskoleopplæring" i KOSTRA omfattar grunnskolar, spesialskolar, skolefritidsordninga (SFO), vaksenopplæring på grunnskoleområdet og kommunale musikk- og kulturskolar. Dette er ein relativ stor utgiftspost for Kommune-Noreg. Netto driftsutgifter til grunnskoleopplæring står for over 30 prosent av samla netto driftsutgifter i kommunane.
Netto driftsutgifter viser bruken av skatteinntekter og rammetilskott frå staten i kommunane, og seier såleis noko om prioritering i bruken av dei frie inntektene i kommunane. Netto driftsutgifter til grunnskolar, spesialskolar, SFO og kommunale musikk- og kulturskolar utgjorde i 2001 i gjennomsnitt 31,2 prosent av samla netto driftsutgifter. Her sto igjen grunnskole og SFO for dei største utgiftene, då netto driftsutgifter til desse utgjorde 30,4 prosent av samla netto driftsutgifter.
Netto driftsutgifter til grunnskole var i 2001 gjennomsnittleg 7 218 kroner per innbyggjar, fordelt på 5 805 kronar til undervisning og 1 413 kroner til skolelokalar og skyss. Desse tala er noko avhengig av samansetjinga i befolkninga. Om ein ser på netto driftsutgifter per innbyggjar i målgruppa 6-15 år, får ein eit gjennomsnitt på 52 508 kroner, fordelt på 42 231 kroner til grunnskoleundervisning og 10 277 kroner til skolelokalar og skyss.
Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, det vil seie kostnadene per elevplass i vanleg kommunal grunnskole, var i 2001 i gjennomsnitt 55 712 kroner, fordelt på 45 131 kroner til grunnskoleundervisning og 10 581 kroner til skolelokale og skyss. Utgiftene til løn, 43 631 kroner per elev i gjennomsnitt, står for ein stor del av dei korrigerte brutto driftsutgiftene. Det er 78 prosent av det ein elevplass i gjennomsnitt kostar.
Fordi organiseringa av spesialskolar og spesialklassar er ulik frå kommune til kommune, løner det seg av og til å sjå grunnskole og spesialskole i samanheng. Korrigerte brutto driftsutgifter til grunn- og spesialskole var i gjennomsnitt 56 240 kroner per elev i 2001.
Ulik dekningsgrad i SFO mellom kommunane
I gjennomsnitt får 50,4 prosent av innbyggjarane i kommunane i alderen 6-9 år (1.-4. klassesteg) eit skolefritidstilbod på 6 timar i veka eller meir, det gjeld både kommunale og private ordningar. 48,8 prosent får eit tilbod i kommunale SFO. I overkant av 75 prosent av dei som får skolefritidstilbod, oppheld seg 15 timar eller meir per veke i SFO. Desse tala varierar likevel mykje mellom kommunane. Det finst kommunar der knapt nokon er i SFO, til kommunar der nesten alle elevane får eit SFO-tilbod.
Vaksenopplæring er eit mindre område
Området "grunnskoleopplæring for vaksne" inneheld eksamensretta opplæring, spesialundervisning og anna opplæring på grunnskoleområdet, samt norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og eksamensretta opplæring for innvandrarar 16-20 år (eiga tilskottsordning). Det gjeld bortimot 38 000 personar på landsnivå, og nesten 26 000 av dei er deltakarar i norsk med samfunnskunnskap. Det er såleis ikkje blant dei største sektorane i kommunane, 47 kommunar har ikkje eigen tenesteproduksjon innanfor grunnskoleopplæring for vaksne, og 92 har ikkje eigen tenesteproduksjon innanfor norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Brutto driftsutgifter til vaksenopplæring på grunnskoleområdet, var i 2001 i gjennomsnitt 38 404 kroner per deltakar.
Nesten 100 000 elevar i musikk- og kulturskolane
Ifølgje opplæringslova skal alle kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, anten aleine eller saman med andre kommunar. På landsnivå var det per 1. september 2001 registrert 98 116 elevar i kommunale musikk- og kulturskolar, 80 226 av dei (over 80 prosent) er i grunnskolealder. Av dei resterande er 8 405 elevar i førskolealder og 9 485 over grunnskolealder.
Landsgjennomsnittet viser at netto driftsutgifter til kommunale musikk- og kulturskolar var 120 kroner per innbyggjar og 871 kronar per innbyggjar 6-15 år rapporteringsåret 2001. Korrigerte brutto driftsutgifter var i gjennomsnitt 7 662 per brukar av tenesta, men her finst det fleire kommunar som ikkje har nokon eigen tenesteproduksjon på området.
Tabeller:
- Tabell 1 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i kommunale grunnskolar i kroner, etter kommune. 2001
- Tabell 2 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i kommunale grunnskolar og spesialskolar i kroner, etter kommune. 2001
- Tabell 3 Elevar i kommunale og interkommunale grunnskolar, etter kommune. 1. september 2001
- Tabell 4 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-9 år, korrigerte brutto driftsutgifter per brukar og brutto driftsutgiftar per brukar til skolefritidsordninga (SFO) i kroner, etter kommune. 2001
- Tabell 5 Elevar i kommunal og privat SFO, etter klassesteg, opphaldstid og kommune. 1. september 2001
- Tabell 6 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per deltakar og brutto driftsutgifter per deltakar til grunnskoleopplæring for vaksne i kroner, etter kommune. 2001
- Tabell 7 Talet på deltakarar i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og i vaksenopplæring på grunnskoleområdet, etter kommune. 2001
- Tabell 8 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år og korrigerte brutto driftsutgifter per elev til kommunale musikk- og kulturskoler i kroner, etter kommune. 2001
- Tabell 9 Elevar i kommunale musikk- og kulturskolar, etter alder og kommune. 1. september 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Elevar i grunnskolen.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42