33295_not-searchable
/utdanning/statistikker/grsvo/aar
33295
30 000 fekk undervisning i norsk med samfunnskunnskap
statistikk
2003-06-13T10:00:00.000Z
Utdanning;Utdanning
no
grsvo, Grunnskoleopplæring for vaksne (opphørt), vaksenopplæring, innvandrarar, spesialundervisning, norsk med samfunnskunnskapGrunnskoler, Voksenopplæring , Utdanning
true

Grunnskoleopplæring for vaksne (opphørt)1. oktober 2002

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

30 000 fekk undervisning i norsk med samfunnskunnskap

Hausten 2002 vart det registrert meir enn 30 000 deltakarar på norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Norsk med samfunnskunnskap er ei innføring i norsk språk og samfunn som kommunane har ansvaret for, men ikkje lovfesta plikt til, å gje vaksne innvandrarar. Innvandrarar som får tilbodet, får anten A-løp eller B-løp. Deltakarar som har utdanning tilsvarande grunnskole frå heimlandet får tilbod om A-løp, som er opp til 850 timar. Deltakarar som har utdanning tilsvarande mindre enn grunnskole frå heimlandet får tilbod om opp til 3 000 timar.

Deltakarar i norsk med samfunnskunnskap, etter fylke. 1. oktober 2002. Endelege tal

Per 1. oktober var det om lag 16 700, eller 55 prosent, som fekk A-løp, medan om lag 13 700, eller 45 prosent, fekk B-løp.

Kjønnsfordelinga var forholdsvis jamn, men kvinner var i fleirtal med 15 861 deltakarar, medan det var 14 572 mannlege deltakarar. Flest deltakarar i norsk med samfunnskunnskap var det i Oslo, Hordaland og Nordland. Desse tre fylka hadde til saman om lag ein tredel av alle deltakarane i norsk med samfunnskunnskap.

10 000 fekk grunnskoleopplæring for voksne eller spesialundervisning

Frå og med 1. august 2002 har, ifølgje opplæringslova, alle vaksne som treng det rett til grunnskoleopplæring. Kommunane har plikt til å sørgje for slik opplæring. Per 1. oktober fekk bortimot 3 700 personar slik opplæring. 57 prosent av dei som fekk grunnskoleopplæring for vaksne var kvinner, 43 prosent var menn.

Vaksne som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, eller som har særskilt behov for det, har rett til spesialundervisning. I alt var det meir enn 7 000 som fekk spesialundervisning etter enkeltvedtak. Det var noko fleire menn enn kvinner som fekk spesialundervisning. 54 prosent av alle deltakarane i spesialundervisning var menn, medan 46 prosent var kvinner.

Tabeller: